Viste seg fram under Tour des Fjords

Høle Handelslag satsa på Tour des Fjords. Laurdag samla heile bygda seg ved butikken, for å heie fram syklistar i verdsklasse som trakka seg  gjennom Rogaland i stor fart. Ved vegen var både fane og eit stort banner med reklame for nærbutikken.

ENGASJEMENT: Bygdefolket på Høle markerte aktiv støtte til butikken under Tour des Fjords.

«Høle handelslags venner» nyttar alle anledningar til å marknadsføre butikken og snakke varmt om lokal handel. I fjor markerte dei aktive butikk-vennene seg med eiga fane i 17.mai-toget. Denne helga var det show og aktivitetar knytt til sykkelrittet Tour des Fjords, som gjekk gjennom bygda.

Ved butikken var det grilling av pølser og hamburgarar. På grusbana var det utstilling av veteranbilar. Og då ryttarane og dei mange hjelpebilane kom i kortesje forbi Høle ut på ettermiddagen, vart dei møtt av klovnar og flagg og jublande menneske med raude t-skjorter med reklame for handelslaget.

Tvers over vegen hadde handelslaget fått sett opp eit nytt reklame-banner for Coop Høle med slagordet «Gateway to The Pulpit Rock» (Inngangsporten til Preikestolen).

Høle Handelslag i utkanten av Sandnes kommune har i fleire år slite med stor handelslekkasje og dårleg økonomi, sjølv om omsetninga har vore stor. De fleste i bygda jobbar i byen og mange har valt å handle i en lågprisbutikk på veg heim.

I fjor vinter vart alvoret i situasjonen lagt fram for bygdefolket. «Dersom ikke utviklingen snur, kan bygda bli uten butikk», var meldinga som gjekk ut på årsmøtet til handelslaget.

Dette vart starten på eit kraftig engasjement for butikken. Fleire av Coop-medlemmen i i bygda gjekk saman om å stifte «Høle Handelslags venner». Merkur-konsulent Lars Helgeland jobba sammen med butikken om tiltak for å redusere handelslekkasjen.

Etter dette har butikken fått eit skikkeleg oppsving. Omsetnaden i fjor auka med 11 prosent og handelslaget kom ut med eit bra overskot. Den gode veksten har halde fram i 2015.

SJÅ TV-FILM AV TOUR DES FJORDS GJENNOM HØLE