- Søndagshandel vil føre til mange nedleggingar

Styret for Merkur-programmet går klart imot forslaget om søndagshandel. – Vi fryktar at søndagsopne butikkar vil medføre ei stor strukturendring i form av mange nedleggingar, seier styret i eit samrøystes vedtak.

NEI TAKK: Kjøpmann Bjørn Tore Stensen ved Coop Marked Rye utanfor Trondheim ser ingen grunn til halde butikken open på søndagane. Foto: Frida Holsten Gullestad, Klassekampen

Merkur-programmet som er ein del av det distriktspolitiske arbeidet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, har etter invitasjon frå Kulturdepartementet kome med ei høyringsfråsegn som åtvarar mot søndagsopne butikkar.

- En dag i veka må vi ha lov til å ha fri, seier kjøpmann Bjørn Tore Stensen på Byneset utanfor Trondheim i eit intervju med avisa Klassekamnpen.

Han er ein av mange småkjøpmenn som er overbeviste om at søndagsopne butikkar vil gi mindre inntekt og meir arbeid.

Resultatet blir halvert

Styret for Merkur-programmet viser til at dei små butikkane i distrikts-Norge er sterkt konkurranseutsette. Med ei  gjennomsnittleg omsetning på 7 millionar kroner, ligg butikkane under grensa for lønnsam drift. Men gjennom tilføring av tilleggsfunksjonar og oppfølging gjennom Merkur-programmet har mange lokalsamfunn likevel fått sikra ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Institutt for bransjeanalyser (IBA) har berekna kva konsekvensar søndagsope får for distriktsbutikkane. Konklusjonen er at det økonomiske resultatet vil bli meir enn halvert. Eventuell omsetningsvekst ved innføring av søndagsope i eigen butikk, er ikkje nok til å kompensere for auka lønskostnader.

LES MEIR: "Spår butikkdød på bygda" (Reportasje i Klasskampen)

- Svekka lønsemd vil få store konsekvensar for arbeidet med å oppretthalde ein butikkstruktur som sikrar mange lokalsamfunn eit godt vare. og servicetilbod. Merkur-programmet fryktar at søndagsopne butikkar vil føre til ei stor strukturendring i form av mange nedleggingar, uttalar styret.

Service-tilbod i fare

Merkur-programmets slagord er «For butikken og bygda». Styret stiller spørsmål om ikkje andre aktivitetar på bygda vil bli skadelidande fordi søndagshandel  legg beslag butikkeigarane og dei tilsette si fritid og med det høve til å gjere andre ting. Dette vil også få negative konsekvensar for rekrutteringa til distrikts-butikkane.

- Om ein misser daglegvaretilbodet i utkantbygdene, vil ein også misse ei rekkje andre tilbod som ofte er knytt til nærbutikken, slike som tipping, post, drivstoff, møteplassen etc, seier styret.

Har ikkje noko val

I framlegget til ny lov blir det også teke til orde for at kommunane sjølv skal få høve til å bestemme om det skal vere sundagsope eller ikkje. Denne lokale makta vil etter programstyret sitt syn bli lite reell. Dersom nabokommunen seier ja, kan det bli vanskeleg å seie nei. Og om eigen kommune seier ja, vil det vere vanskeleg for ein lokalkjøpmann å stenge butikken.

Undersøkinga frå IBA viser at 9 av 10 Merkur-kjøpmenn går imot endringar i reglane for søndagshandel. Fleirtalet av kjøpmennene meiner at det er berre mindre butikkar som bør få lov til halde ope om søndagane.

- Dette samsvarar godt med det inntrykket Merkur-programmet har. Søndagsopne butikkar har etter Merkur-programmet sitt syn berre ein verdi dersom butikkane i distrikta kunne ha søndagsope eksklusivt, avsluttar styret i si høyringsfråsegn til Kulturdepartementet.

Her kan du lese fråsegna frå Merkur-styret