Fleire distrikts-butikkar kan få tipping

Det skal bli lettare for butikkar i distrikta å få tipping. Merkur-programmet har forhandla fram ein ny avtale med Norsk Tipping som reduserer kravet til omsetning for nye butikkar som vil bli tippe-kommisjonærar.

Helge v tipping (2).jpg

NY AVTALE: Dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet har fått ein ny avtale med Norsk Tipping om tippe-tenester på distriktsbutikkar.

Tipping er ei svært populær teneste i dei fleste distriktsbutikkane. Pr. 1.april 2015 var 454 av 586 Merkur-butikkar registrert som kommisjonærar for Norsk Tipping.

Men det er endå fleire distriktsbutikkar som ønskjer å tilby tippe-tenester. Dette er bakgrunnen for at Merkur-programmet har forhandla fram ein ny samarbeidsavtale med Norsk Tipping.

Redusert krav til omsetning

I den nye tippe-avtalen er kravet til tippe-omsetning pr. veke redusert frå 6.000 til 5.000 kroner. Det betyr at fleire små butikkar i distrikts-Norge kan få sjansen til å bli tippe-kommisjonærar.

Butikkar som deltek i Merkur sitt arbeid for å utvikle lokalbutikken, har i mange år har hatt langt lågare krav til omsetning enn andre daglegvarebutikkar som ønskjer tippe-tenester. No har Merkur-butikkane fått endå gunstigare vilkår.

Men Norsk Tipping vil følgje nøye med på korleis omsetninga utviklar seg. Butikkar med for dårleg omsetning, risikerer å misse tippe-tilbodet. Merkur vil i så fall jobbe saman med butikken for å sjå kva som kan gjerast for å få opp omsetnaden.

Stoppe handels-lekkasje

Tippe-tenester blir oppfatta som ein viktig del av servicetilbodet for ein moderne nærbutikk. Små butikkar opplever at når kundane må reise til ein større butikk for å tippe, så handlar dei også daglegvarene sine utanfor bygda. Tilbod om tipping er viktig for å unngå handelslekkasje.

- Vi merka store utslag på omsetninga etter at vi fekk tipping sist sommar, seier kjøpmann Roland Aagård ved Kvelibua i Lierne.

Norsk Tipping seier at dei vil vurdere tildeling av nye kommisjonærverv for butikkar som har fått ei synleg standardheving gjennom deltaking i Merkur-programmet. Butikkar som satsar spesielt på utvikling av butikken som sosial arena, vil bli prioriterte. Eigarskifte og nyetableringar kan også gi grunnlag for tildeling av tippe-tenester.

Viktig tilleggs-inntekt

Tilbod om tipping gir små og utsette butikkar ei viktig tilleggs-inntekt i form av provisjon. Inntekta frå Norsk Tipping kan liggje på mellom 20.000 og 50.000 kr, avhengig av kor stor tippe-omsetnaden er.

Dei siste åra ha mellom 5 og 10 Merkur-butikkar kvart år fått status som nye tippe-kommisjonærar, etter å ha blitt vurdert av den lokale Merkur-konsulenten og Norsk Tipping.

No skal nye butikkar søkje direkte på nett til Norsk Tipping. Men det kan vere ein fordel å få ei positiv  fråsegn frå Merkur-konsulenten, som eit vedlegg til søknaden.

Norsk Tipping har ei samfunnsmessig oppgåve knytt til å gi ei speletilbod til heile landet. Merkur-programmet jobbar for å skape gode lokalsamfunn med eit godt tilbod av varer, tenester og møteplassar.

Oppdatert: 23.4.2015