Bill. mrk: «Gardsbutikk med daglegvarer»

Mange kundar reiser langt for å kjøpe kortreist mat på nærbutikken. Evanger landhandleri har fått suksess ved å profilere seg som ein gardsbutikk med daglegvarer.  Lokalmat frå Voss og Hardanger blir selt på ein innandørs torgplass, samtidig som kundane kan kjøpe vanlege daglegvarer i den ordinære butikken.

SUKSESS: Sterk satsing på lokalmat trekkjer nye kundar til nærbutikken på Evanger.

- Vi ønskjer å vere den staden der folk stoppar opp for å kjøpe lokalmat, seier eigar Ove Henning Bjørsvik.

Butikken som er lokalisert like ved E16 mellom Bergen og Oslo, får mange kundar som er på gjennomreise eller på veg til hytta. Fleire kundar reiser eins ærend frå Bergen for å handle spennande lokalmat. Desse kundane kjem i tillegg til dei lokale kundane, som er glade for at bygda har fått tilbake ein levande nærbutikk.

Landhandlar-konsept

Då den tidlegare butikkeigaren la ned og drog frå bygda, valde Bjørsvik å kjøpe lokalbutikken. For han som elles har satsa på hytteutleige og overnattingstilbod, var det avgjerande at bygda hadde eit butikk-tilbod. Utan sal av daglegvarer ville det vere vanskeleg å satse på turisme.

Men Bjørsvik såg ikkje for seg ein vanleg butikk. Han ville gi kundane ei handle-oppleving og selje lokalmat gjennom eit landhandlar-konsept.

Mykje av marknadsføringa skjer gjennom sosiale medium som Facebook og Instagram.

FACEBOOK: Sjekk Evanger landhandleri på Facebook

Evanger landhandleri opna dørene i fjor, etter å ha fått  god starthjelp frå Merkur. Lokalmat frå produsentar på Voss, i Hardanger og Sogn har blitt det store trekkplasteret. Men butikken har ikkje tenkt å gi seg med det. No har butikken også opna interiør-avdeling.  I løpet av året ønskjer dei å få på plass eit drivstoffanlegg.

Fornøgde kundar

NRK Hordaland har laga ein reportasje om butikken på Evanger. Dei har møtt dagleg leiar Monika Bjørsvik og fleire fornøgde kundar:

SJÅ NRK-REPORTASJEN:
Reiser langt for å kjøpe kortreist på Evanger

– Eg er møkka lei av å gå på vanlege butikkar. Du får den same maten over alt, seier kunde Sissel Bjørnstad som gjerne reiser ei mil frå Voss sentrum for å snope litt på Evanger.

Dagleg leiar Helge Schei i Merkur meiner at satsing på lokalmat kan vere riktig for mange nærbutikkar.

– Butikken på Evanger og ein i Åkrafjorden er to av dei distriktsbutikkane som tilbyr mest kortreiste produkt, seier han.