Kor mykje støtte har du fått?

Daglegvarebutikkar i distrikta får verdifull støtte frå Merkur til investeringar i butikk og drivstoffanlegg. Men EØS-avtalen set ei grense for kor mykje du kan ta imot av offentlege støtte. Dersom du får meir enn 1,7 mill. kr i løpet av tre år, risikerer du å måtte betale tilbake det du har fått for mykje.

ØVRE GRENSE: Nokre distriktsbutikkar har fått så mykje offentleg støtte at dei nærmar seg EØS-avtalen si grense på 1,7 mill. kr for ein treårs-periode.

Alle som søkjer om investeringsstøtte frå Merkur-programmet, må svare på om dei har fått såkalla «bagatellmessig støtte» frå det offentlege. Det er mange kjøpmenn som lurer på kva det betyr .Er det snakk om bagatellar eller småpengar?

Nei, EØS-avtalen slår fast at norske bedrifter kan ta imot opptil 200.000 Euro i offentleg støtte over eit tidsrom på tre rekneskapsår. Det tilsvarar ein sum på  1,7 mill. kroner, etter dagens kurs på Euro. Dersom du skulle få meir enn dette, vil det vere i strid med EU sine reglar.

Mange typar støtte

Regelverket for «bagatellmessig støtte» omfattar både investeringsstøtte til butikk eller drivstoffanlegg og utviklings- og aktivitetsstøtte frå Merkur. Men regelverket gjeld også fylkeskommunal støtte, kommunal støtte gjennom næringsfond og eventuelle andre former for økonomisk støtte frå det offentlege.

På toppen av dette kjem differensiert arbeidsgjevaravgift, for 28 kommunar i sone 1a. Dette gjeld kommunane Gausdal, Sigdal, Iveland, Vegårdshei, Sirdal, Hægebostad, Audnedal, Åseral, Vindafjord, Finnøy, Modalen, Kvam, Bømlo, Etne, Førde, Sogndal, Flora, Gjemnes, Eide, Aukra, Midsund, Haram, Herøy, Frosta, Leksvik, Midtre Gauldal, Rissa og Selbu. Dersom du bur i ein av desse kommunane, vil redusert arbeidsgjevaravgift bli rekna som ei form for offentleg støtte.

Dersom du til dømes driv butikk i Finnøy kommune og har ein årleg lønnskostnad i butikken på 500.000 kroner, vil du har spart 17.500 kr (3,5 pst. av 500.000 kr) i arbeidsgjevaravgift fordi denne kommunen har nedsett avgift i forhold til sentrumskommunar. I løpet av tre år har du dermed fått 52.500 kr i «bagatellmessig støtte», slik dette blir definert av styresmaktene.

Stoppa av EØS-reglane

Nokre Merkur-butikkar som satsar på modernisering og utvikling, risikerer å kome over grensa på 1,7 mill. kroner. Dersom du har fått 400.000 kr i investeringstilskot til butikken i to år på rad, pluss 200.000 kr i investeringstilskot det tredje året og 500.000 kr i investeringstilskot til eit nytt drivstoffanlegg, har du berre 200.000 kr å gå på før du blir stoppa av EØS-reglane.

Har butikken i tillegg fått utviklings- og aktivitetsstøtte frå Merkur over tre år, fylkeskommunal støtte, kommunal støtte eller fått nedsett arbeidsgjevaravgift, er det stor fare for at butikken vil overstige grensa på 1,7 mill. kroner.

Grensa på 200.000 Euro gjeld pr. butikk. Dersom butikken er organisert i fleire selskap  (t.d. eigedomsselskap, driftsselskap og drivstoffselskap), er det summen av desse tilskota som blir vurdert.

Opplysnings-plikt

Alle søkjarar har plikt til å opplyse om kor mykje offentlege tilskot dei har mottatt. Opplysningsplikta gjeld i tre rekneskaps-år.

Dersom butikken har fått utbetalt meir støtte enn det som regelverket tillét, kan Merkur krevje at ulovleg tilskot blir betalt tilbake. Så langt har ingen butikkar fått krav om tilbakebetaling. EØS-avtalen krev også at Merkur vidaresender alle opplysningar om støtte til EFTA sitt overvakingsorgan for EØS-avtalen (ESA), dersom ESA ber om slik informasjon.