Svenske butikkar kan få driftsstøtte

Sverige kan få ei ordning med driftsstøtte for utsette butikkar i distrikta. Regjeringa har no fått på bordet eit forslag om sette av 35 millionar kroner til  fordeling på opptil 200 «butiker i glesbygden». Målet er å sikre eit minimum av kommersiell service både for enkeltpersonar og bedrifter i distrikta.

TØFFE TIDER: Mange svenske utkant-butikkar er truga av nedlegging. No blir det foreslått offentleg støtte til drifta, for å sikre grunnleggande service for folk på bygda.

Den offentlege utgreiinga «Service i glesbygd» (SOU 2015:35) reknar med at det i dag finst kring 400 svenske daglegvarebutikkar i område der det er problem med fråflyttting og nedlegging. I løpet av det siste tiåret har kvar fjerde butikk på landsbygda forsvunne. Svært mange av dei butikkane som framleis eksisterer, har så svak økonomi at dei ikkje har råd til å modernisere.

200.000 menneske bur i område som er kjenneteikna av svak service. Dette er bakgrunnen for at regjeringa har bestilt ei utgreiing om det kommersielle service-tilbodet.

Rett til kommersiell service

Utgreiinga «Service i glesbygd» meiner at folk og bedrifter i distrikts-Sverige har krav på eit minimum av kommersiell og offentleg service for at kvardagen skal kunne fungere tilfredsstillande. Tilgang på daglegvarer, drivstoff, apotek-varer, post og betalingstenester blir definert som grunnleggande kommersiell service.

Rapporten konkluderer med at det hastar å få etablere ei ny ordning med driftsstøtte, i tillegg til dei støtteordningane som finst frå før. Sverige har i dag ordningar for investeringsstøtte og service-støtte og brukar årleg 25-30 millionar kroner på desse ordningane.

To nye støtte-ordningar

«Service i landsbygd» foreslår at det blir oppretta to statlege støtteordningar:

  • Butikkar med netto-omsetnad på 2-11 millionar kroner, kan få opptil 300.000 kr i driftsstøtte pr. år. Vilkåret er at det er minst 15 km avstand til neste butikk. Butikken må halde oppe minst 40 timar pr. veke.
  • Mini-butikkar med netto-omsetnad på under 2 millionar kroner, kan få 100.000 kr i driftsstøtte pr. år. Det er eit vilkår at butikken har ope minst 20 timar pr. veke.

Butikkar som skal få støtte, skal i utgangspunktet ha tilleggstenester som post, apotek, tipping og utlevering av polvarer.

- Dei statlege selskapa som har ansvar for desse tenestene, bør ta eit særskilt ansvar for at desse tenestene skal vere tilgjengelege både i dei butikkane som mottar driftsstøtte og på landsbygda elles. Dette har med desse selskapa sitt samfunnsoppdrag å gjere, blir det sagt i utgreiinga.

Ikkje i strid med EU-reglar

Rapporten har vurdert nøye om ei ordning med driftsstøtte kan vere i strid med EU sine reglar om fri konkurranse. Men konklusjonen er at det svenske forslaget er innafor EU-regelverket.

LES MEIR:  «Service i glesbygd» (sammandrag av rapporten)

Den første støtteordninga blir definert som «støtte av mindre betydning gitt til føretak som tilbyr tenester av allmenn økonomisk interesse». Støtteordninga til dei aller minste butikkane blir definert som «støtte av mindre betydning» (bagatellmessig støtte).

200 butikkar kan få støtte

Dersom det blir sett av 35 millionar kroner i det svenske statsbudsjettet til den nye støtteordninga, vil mellom 160 og 200 butikkar kunne få støtte. 

Til samanlikning har det norske Stortinget dei siste åra løyvd 30 millionar kroner i støtte til butikkar og drivstoffanlegg i distrikta. Men ordninga som Merkur forvaltar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, legg ikkje opp til driftsstøtte slik som det no blir foreslått i Sverige. Det meste av butikk-støtta blir gjeve som støtte til investeringar. Ein mindre del av støttemidlane går til utviklings- og aktivitetstiltak hos dei aller minste butikkane.

Forslaget om driftsstøtte til svenske distriktsbutikkar er overlevert til den svenske landbruksministeren Sven-Erik Bucht og er no sendt ut på høyring.