Kommunen skal byggje ny nærbutikk

Rennebu kommune meiner det er viktig med ein god nærbutikk. No vil kommunen ta opp eit lån på 9,8 millionar kroner for å føre opp eit næringsbygg på Nerskogen. Her skal det bli plass til både nærbutikk og kafe.

Nerskogen 4.jpg

GOD STEMNING: Kjøpmann Torill Dullum Lund ved Nerskogen landhandel er glad for den positive haldninga som kommunen viser overfor butikken. Arkivfoto: Gjermund Glesnes

Nerskogen landhandel i Sør-Trøndelag håper  å kunne ta i bruk ein ny og romsleg butikk til påske neste år.

Det vil gjere det mogleg å gi både dei fastbuande og dei mange hyttegjestene  ved Trollheimen eit heilt anna service-tilbod enn i dag.

Må ha lokalbutikk

Nerskogen i Rennebu har blitt eit attraktivt område for hyttebygging. Dei 130 fastbuande har fått selskap av 1000 hytter innafor ein radius på ei mil. Fin natur og fantastiske skiløyper gjer til at stadig fleire vel å tilbringar ferie og fritid i nabokommunen til Oppdal.

Rennebu kommune ser at dagligvarebutikk er ein viktig del av infrastrukturen, både for fastbuande og hyttefolk. Du kan ikkje satse på næringsutvikling og hyttebygging utan å ha ein tilfredsstillande dagligvarebutikk  i området. Dette er bakgrunnen for at kommunestyret har vedtatt å setje opp eit heilt nytt bygg for nærbutikken, på gunstige vilkår.

Butikken skal betale husleige til kommunen. Men det er ei målsetting at lokalbutikken skal overta bygget når lånet er nedbetalt.  

Hektisk påske-sesong

Nerskogen landhandel kom i drift i 2011, etter at Coop hadde lagt den gamle butikken i bygda. Butikken opplever at omsetninga aukar etter kvart som det blir bygt fleire hytter. Påska er høgsesong. Då er det lange bilkøar utanfor og svært hektisk innafor den vesle butikken.

PÅSKE-TRAFIKK: Det blir trongt utanfor butikken når alle påskegjestene skal inn for å handle.

Landhandelen har ope kvar dag gjennom heile påska. Årets påske gav ny rekord-omsetnad. 1,26 millionar kroner  er imponerande for ein liten butikk på 100 kvadratmeter – og berre ein kasse.

Kjøpmann Torill Dullum Lund måtte engasjere heile storfamilien på dugnad i butikken for å greie å gjennomføre påskehandelen.

Ros til kommunen

I den nye butikken vil salsarealet bli tre-dobla. Tillegg skal lokalsamfunnet få eit kafetilbod. Det gir ein heilt ny situasjon både for kjøpmannen og bygda.

- Vi har hatt eit godt samarbeid med Rennebu kommune og gler oss til å kunne tilby ein betre butikk, seier Torill Dullum Lund.

Kjøpmannen set også stor pris på samarbeidet med Merkur:

- Vi er glad for den økonomiske støtta vi har fått. Men det viktigaste er den kompetansen som konsulentane i Merkur har, når det gjeld utvikling av butikkar. Gode råd frå Merkur var til stor hjelp då vi skulle stake ut kursen vidare, sa Torill Dullum Lund då ho presenterte butikken på Merkurs regionkonferanse for Midt-Norge i Kristiansund.