- Bra løysing for Ica-butikkane

- Avtalen mellom Coop og Ica ser ut til vere ei grei løysing for Ica sine butikkar i distrikts-Norge. Både Coop og Norgesgruppen har mange butikkar i distrikta og eit godt system for distribusjon av varer ut til butikkane, seier dagleg leiar Helge Schei i Merkur i ein kommentar til Coops oppkjøp av Ica.

NY KJEDE: Matkroken-butikkane blir overtatt av Coop eller Norgesgruppen, avhengig av lokale konkurranse-forhold.

Konkurransetilsynet ga denne veka grønt lys for at Coop får kjøpe Ica Norge med 553 butikkar for 2,5 milliardar kroner. Men tilsynet har stilt krav om at Coop må selje 93 butikkar, for å unngå at kjeda skal bli for dominerande i lokale marknader:

  • Norgesgruppen skal få overta 50 Ica-/Rimi-butikkar. Desse butikkane vil mest sannsynleg bli omprofilert til Nærbutikken, Joker, Spar eller andre kjeder i  Norgesgruppen.
  • Bunnpris skal få overta 43 Ica-/Rimi-butikkar. Dette gjeld butikkar som ikkje passa inn eller kunne overtakast av Norgesgruppen.

Det omfattande salet skal etter planen vere gjennomført i løpet av to månader. Etter dette vil Coop bli den nest største daglegvare-kjeda i Norge.

Uro for framtida

Kring 80 av Ica sine distriktsbutikkar er i dag knytt til Merkur-programmet. Desse butikkane har vore urolege for framtida, då det for to år sidan vart klart at Ica-konsernet ville trekkje seg ut av den norske marknaden. Ica prøvde først å få godkjent ein samarbeidsavtale med Norgesgruppen, men møtte sterk motstand i Konkurransetilsynet. På eit tidspunkt truga dei med å leggje ned alle sine butikkar i Nord-Norge, dersom Konkurransetilsynet ikkje ville godkjenne samarbeidsavtalen.

Seinare valde dei svenske eigarane å leggje Icas verksemd i Norge ut for sal. I oktober i fjor varsla Coop at dei ville kjøpe alle butikkane.

Har god distribusjon

Dagleg leiar i Merkur-programmet, Helge Schei, er glad for at Ica-salet no ar blitt godkjent. Det betyr at kjøpmennene i Matkroken kan få ei rask avklaring når det gjeld framtida for sine butikkar.

- Eg er spent på kva som skal skje med dei ulike butikkane. I utgangspunktet meiner eg at det kan vere ei bra løysing for Matkroken-butikkar i distrikta at dei blir ein del av Coop eller blir overdratt til Norges-gruppen. Begge kjedene har gode distribusjons-system i distrikta.

Tidlegare var det snakk om at nokre av Ica-butikkane kunne bli nedlagt. Dette er ikkje heilt avklart. Merkur er opptatt av å halde oppe dagens butikk-struktur, så langt som mogleg. Dette er viktig for at folk i distrikts-Norge skal ha god tilgang på daglegvarer og andre tenester knytt til lokalbutikken. Vi vil derfor følgje nøye med på kva som skjer med alle Matkroken-butikkane framover, seier Helge Schei.

Matkroken held fram

Coop har bestemt seg for å halde fram med Matkroken som eiga kjede for kjøpmanns-eigde nærbutikkar.

Rimi vil forsvinne som merkevare. Coop vil omprofilere alle sine Rimi- og Ica-butikkar. Det er mest aktuelt at Rimi-butikkane blir omprofilert til Coop Extra eller Coop Prix. Ica-butikkane vil gjenoppstå som Coop Mega eller Coop Extra.