Beste Merkur-butikk på Vestlandet

Joker Vatlandsvåg i Rogaland har blitt Årets nærbutikk på Vestlandet. Kjøpmann Helge Naustvik tok imot heiderprisen for godt kjøpmannskap på Merkurs regionkonferanse for Rogaland og Sunnhordland.

Inge Ryan_Helge Naustvik 2.jpg

PRISVINNAR: Helge Naustdal (t.h.) ved Joker Vatlandsvåg tok imot prisen for Vestlandets beste nærbutikk på Merkurs kjøpmanns-konferanse i Egersund. Prisen vart utdelt av Merkurs styreleiar, Inge Ryan (t.v.).

- Butikken har utmerka seg med god vekst, godt kjøpmannskap og gode resultat over lang tid. Det er også lagt vekt på evna til å utnytte lokale mulegheiter og bruke butikken som ein sosial arena, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Joker Vatlandsvåg held til på Ropeid-halvøya i Suldal kommune. Bygda har 360 fastbuande og eit aukande tal hyttegjester. I tillegg til daglegvarer kan butikken tilby drivstoff og gass, apotekutsal, postdepot, fiskeutstyr, bilpleie- og båtutstyr og hagereiskap. Lokale handverksprodukt er også å få kjøpt.

Butikken ligg fint til ved sjøkanten, med eiga båthamn. I sommarferien har butikken ekstra lange opningstider og eige gatekjøkken.

Jamn og god vekst

Kjøpmann Helge Naustvik kan glede seg over jamn og god vekst over mange år. Butikken har stadig blitt fornya.  I dag har Joker Vatlandsvåg ei daglegvare-omsetning på vel 11 millionar kroner.

- Butikken har utnytta dei mulegheitene som har opna seg i forhold til fastbuande, anleggstrafikk, turistar og lokalt landbruk. Her er ingen handelslekkasje, konstaterer juryen som har vurdert 60 aktuelle butikkar i samband med pris-utdelinga.

Helsing frå statsråden

Prisen for beste nærbutikk på Vestlandet vart utdelt av styreleiar Inge Ryan på Merkurs kjøpmannskonferanse i Egersund. Prisvinnaren fekk også helsing frå statsråd Jan Tore Sanner:

- Nasjonale styresmakter er heilt avhengige av slike eldsjeler som deg. Gode butikkdrivarar som ikkje kviler lenge på laurbær, men som heile tida er i utvikling, seier kommunalministeren.

Helge Naustvik seier i ein kommentar at han vil dele æra for prisen med gode kundar og godt personale. Utan god oppslutning frå lokalsamfunnet er det ikkje mogleg å drive ein god butikk.