1000 likes på Facebook

Merkur-programmet når fram til stadig fleire. Facebook-sida til Merkur har passert ein milepæl og fått 1000 likes. Det betyr at Merkur har 1000 venner som ønskjer å få daglege oppdateringar på kva som skjer med nærbutikkane i distrikts-Norge. Takk til alle som deler vår visjon om bygdeutvikling gjennom butikk-utvikling!

MILEPÆL: Merkur har fått over 1000 liker-klikk. Denne veka har Facebook-sida kontakt med over 15.000 personar.

Merkur har satsa sterkt på digitale medium dei siste tre åra. For to år sidan vart det lansert ei ny nettside, som er tilpassa nettbrett og smarttelefon. Like etter vart det etablert tilbod om månadlege nyheitsbrev. Heile tida har vore ei målsetting å bruke Facebook til å fortelje om alt det positive som skjer i og rundt distriktsbutikkane. 

- Facebook har blitt ein viktig del av kvardagen til veldig mange. Derfor har vi satsa på dette sosiale mediet for dele informasjon. Vi må nå folk der dei er. Vårt mål er at Merkurs side skal vere den viktigaste sida på Facebook for folk som er opptatt av butikk-utvikling og bygde-utvikling,  seier kommunikasjonsrådgjevar Per Kjetil Jørgensen.

Kjersti Rasmussen frå Bergen vart Facebook-venn nr. 1000. Ho får tilsendt eit Merkur-krus, som ei lita påskjøning.

- Eg likar Merkur-konseptet fordi det fremjar utvikling ute i distrikta, og ikkje minst skaffar arbeidsplassar. Eg passerer butikken på Evanger kvar gong eg skal på hytta på Voss. Det er viktig for meg at det å handle er ei positiv oppleving utover det å faktisk kjøpe noko, seier Kjersti Rasmussen.

VENN NR: 1000: Kjersti Rasmussen vart Facebook-venn nr. 1000 og får Merkur-krus tilsendt i posten. Vi gratulerer

Informere og inspirere

- Merkur brukar Facebook til å fortelje om kor viktige butikkane er for framtida til bygdene. Vi ønskjer å inspirere flest mogleg til å utvikle butikken som bygdas servicesenter.  Det er viktig å få fram dei gode historiene. Her skal du kunne finne både spennande tiltak, driftige kjøpmenn og krevande utfordringar, seier Per Kjetil Jørgensen.

Den gode responsen tyder på at lesarane opplever innhaldet på Facebook som relevant og interessant. Veldig mange saker blir delt vidare. På denne måten blir bodskapen om nærbutikkens viktige rolle i lokalsamfunnet spreidd. Oppslaget med «10 gode grunnar for å handle lokalt» vart på denne måten delt til 22.000 personar. Fleire andre saker har hatt ei rekkevidde på meir enn 10.000 personar i haust.

Engasjerte venner

Merkurs venner på Facebook er langt meir engasjerte enn det som er vanleg for personar som følgjer organisasjonar eller offentlege nettstader. Det betyr at nærbutikken og bygda er viktig for dei. Når Merkur postar nye innlegg, går det ikkje lang tid før innlegga blir likt, kommentert eller delt. På denne måten når bodskapen ut til stadig nye personar.

62 prosent av tilhengarane til Merkur er kvinner, 38 prosent er menn. Kvinner mellom 44 og 55 år utgjer den største gruppa. Men når det gjeld kommentarar og deling av saker, er gruppa som er ti år eldre, like aktive.

Facebook har tidlegare  blitt oppfatta som eit medium for ungdommar. Men vårt oversyn viser at dei langt fleste av Merkur sine tilhengarar er over 35 år. Ja, vi har til og med 60 venner som er over 65 år! Det er ganske sprekt.

10 typiske Merkur-venner

Det er ikkje berre kjøpmenn som følgjer Merkur på Facebook. Ein gjennomgang av «vennelista» fortel at mange forskjellige folk har valt å «like» Merkur-programmet. Her er ti av våre gode venner:

  • Venn nr. 100: Kariann Ekren, kjøpmann ved Nærbutikken Kvingo i Nordhordland. Har følgt Merkurs hovudprogram og brukar Facebook aktivt i marknadsføring av eigen butikk.
  • Venn nr. 200: Jan Børge Monsen, landpostbod i Lærdal. Interessert i lokalpolitikk og opptatt av bygdeutvikling.
  • Venn nr. 300: Ole Jacob Christensen, småbrukar i Vestre Slidre i Valdres. Idealist som er sjølvforsynt med det meste og som produserer Vikabråtost og anna kortreist mat.
  • Venn nr. 400: Johnny Hansen, styrmann frå Selvær i Træna i Nordland. Engasjert i oppbygginga av  butikken på Selvær.
  • Venn nr. 500: Jorunn Nedal Marken, kjøpmann ved Joker Fiksdal i Romsdal. Aktiv kjøpmann som er opptatt av at butikken skal støtte opp om lag og organisasjonar i bygda.
  • Venn nr. 600: Mette Kvarsnes, bokhandlar ved Meløy Libris på Ørnes i Nordland. Opptatt av framtida til bokhandlane i distriktet.
  • Venn nr. 700: Magne Melland, kjøpmann ved Matkroken Melland på Sprova. Aktivt engasjert i lokalsamfunnet og jobbar for å byggje opp eit bu- og handelssenter mellom Steinkjer og Namsos.
  • Venn nr. 800: Asbjørn Moe, rettleiar i Etne næringsutvikling i Sunnhordland. Opptatt av næringsutvikling i distrikts-Norge.
  • Venn nr. 900: Elin Agdestein, stortingsrepresentant frå Steinkjer og medlem av utanrikskomiteen. Har tidlegare bakgrunn frå kommunestyre og Nord-Trøndelag fylkesting.
  • Venn nr. 1000: Kjersti Rasmussen, jobbrettleiar og arbeidslivskontakt i Bergen. Opptatt av etablering av arbeidsplassar i distrikta og positive handle-opplevelsar i små butikkar.

Bli venn med Merkur på Facebook du også!