Nærbutikken samla inn julegåver

Butikk-medarbeidar Laura Søvold fekk stor respons då ho starta innsamling av julegåver til flyktningebarn og andre som kan ha behov for litt ekstra merksemd i jula. Nesten 500 julegåver vart levert inn til Joker Finnås på Bømlo i Hordaland. - Julegåve-aksjonen har vore så positiv at vi gjerne vil samarbeid med frivilligsentralen om dette også til neste jul, seier kjøpmann Idar Larsen.

Jule-aksjon på nærbutikken.jpg

OVERVELDA: Initiativtakar til julegåveaksjonen, Laura Søvold, er overvelda over alle julegåvene som er komne inn gjennom aksjonen.

- Dette er berre heilt fantastisk, seier den 20 år gamle lærarstudenten og butikk-medarbeidaren Laura Søvold om den oppslutnaden julegåveaksjonen har fått.

Laura ville starta ein julegåveaksjon til dei som treng hjelp, både flyktningar og andre. Rett og slett for å glede nokon og gjera ei god gjerning til jul. Ho kontakta Joker Finnås, der ho har arbeidd på fritida dei siste åra. Dei tende på ideen, og det same gjorde Bømlo frivilligsentral.

Den siste veka har juletreet stått fint pynta inne i kaffikroken på butikken. Kvar dag har haugen med pakkar under treet blitt større og større. Då aksjonen var avslutta, var det registrert 477 pakkar. I tillegg til bygdefolket på Finnås har det kome folk andre kantar av Bømlo, haugesundarar og tilreisande for å levere pakkar.

- Noko av det finaste, faktisk, er at bømlingar som bur vekke, har sendt pakkar heim til slekta og bede dei reisa og leggja dei her på butikken. Dette viser eit fantastisk fint engasjement, seier Laura Søvold til Bømlo-nytt.

Ho synest også det er flott at Bømlo Storsenter tok opp tråden med aksjonen, og at aksjonen har spreidd seg til fleire butikkar i Tysvær.

Jule-aksjon på nærbutikken 3.jpg

Pakkane som har komme inn gjennom aksjonen er til alt frå nyfødde barn til vaksne kvinner og menn. Dei som har levert gåvene, har vore nøye med å merka dei med alder og kjønn.

No skal pakkane sortertast og fordelast. Julegåveaksjonen vil gje julepakkar til bebuarar på asylmottaka på Bømlo, men gåver vil også bli distribuert ut gjennom både NAV og barnevernet.

GOD MERKING: Pakkane er merka på ein slik måte at dei skal passe til mottakarane.