Lokalmat-spesialist best i vest

Evanger Landhandleri har fått pris som beste nærbutikk i Hordaland. Bygda Evanger har fått tilbake lokalbutikken, samtidig som både kortreiste og langreiste kundar har fått eit nytt og spennande tilbod om lokalmat.

PRISVINNAR: Kjøpmann Monica Bjørsvik tok imot prisen for beste nærbutikk av styreleiar Inge Ryan i Merkur-programmet.

Det er Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar som deler ut prisen for Årets Merkur-butikk. Prisen vart overrekt av styreleiar Inge Ryan på ein konferanse for 60 distriktskjøpmenn i Bergen.

- Vi er overvelda over den mottakinga butikken har fått hos lokalbefolkninga. Hyttefolk og bergensarar har også tatt imot oss med opne armar. Det gir inspirasjon til å fortsette, sa dagleg leiar Monica Bjørsvik då ho tok imot prisen.

«Gammaldags» landhandel

Butikken på Evanger fekk Butikken har som mål å vere eit førsteval for bygdefolket i Evanger, samtidig som den skal vere attraktiv for turistar og hyttefolk som kjører på E16 mellom Bergen og Voss.

- Ved å skape ei unik atmosfære av god, gammaldags landhandel med daglegvarer, eit breitt varespekter frå lokale gardsmats-produsentar, interiøravdeling og eige bakeri i kafé-avdelinga, har denne butikken gjort ting på sin eigen måte og lukkast med å skape ein unik handle-opplevelse, seier juryen i si grunngjeving for prisen.

Dobla omsetnad

Evanger-bygda var heilt utan butikk-tilbod då den nye lokalbutikken opna dørene i fjor haust, med god støtte frå Merkur-programmet. No er omsetninga dobla i forhold til omsetninga i den gamle butikken, før nedlegging.

LES MEIR: Bill. mrk: «Gardsbutikk med daglegvarer»

Men suksessen har ikkje kome gratis. Kort tid etter opninga vart butikken råka av flod og vatnet sto ein halvmeter oppetter veggen. Medarbeidarane kjempa for å halde butikken open og berge varene, men til slutt måtte dei evakuerast med traktor.

- Med sitt smittande gode humør, optimisme og kreativitet er denne butikken eit godt eksempel for andre nærbutikkar, seier juryen om Evanger Landhandleri.

Samfunnsutviklar

Butikken på Evanger fekk også helsing frå kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Han peikar på at det er eit viktig oppgåve for regjeringa å bygge opp om det sterke lokale engasjementet som mange flinke butikkdrivarar viser rundt om i Norge.

- Denne butikken er opptatt av den viktige koplinga mellom butikken og lokalsamfunnet. Det er spennande. Ein moderne butikkdrivar har også ein viktig funksjon som samfunnsutviklar. For Evanger er landhandelen ein sentral møteplass og eit knutepunkt for bygda, seier Jan Tore Sanner.