Det blir ikkje søndagsopne butikkar

Regjeringa gir opp forslaget om søndagsopne butikkar. Men både statsminister Erna Solberg og kulturminister Linda Hofstad Helleland varslar at dei vil komme med eit nytt forslag om liberalisering som vil gi noko meir søndagsopne butikkar enn i dag.

NY STATSRÅD: Den nye  kulturministeren, Linda Hofstad Helleland, står fast på ønsket om liberalisering av dagens regelverk for søndags-handel. Foto: Wenche Nybo/Kulturdepartementet

Statsminister Erna Solberg innser at der ikkje er fleirtal for søndagsopne butikkar slik som regjeringa ha lova i Sundvolden-erklæringa. På den siste pressekonferansen før jul sa ho at dette er ei av dei sakene som regjeringa ikkje vil få gjennom på Stortinget.

Men statsministeren varsla samtidig at regjeringa ikkje har gitt opp tanken om ei liberalisering av regelverket for opningstider.

Nye forhandlingar

Den nye kulturministeren, Linda Hofstad Helleland, trur det kan vere mogleg å forhandle seg fram til semje med støttepartia på Stortinget om eit alternativt forslag som gir meir fleksibilitet. Ho ønskjer å sjå på alle alternativ og sjå kva partia kan bli samde om.

- Det er ikkje fleirtal i Stortinget for full liberalisering av søndagsopne butikkar. Det er også motstand i folket. Eg lyttar til det. Derfor har eg lagt forslaget om søndagsopne butikkar i ei skuff, seier Linda Hofstad Helleland til NTB.

- I dag har vi ein modell kor butikkane har ope tre søndagar før jul, og det verkar ikkje som noko stort problem. Vi må sjå om vi skal ha større fleksibilitet og om det skal rammast inn i eit nasjonalt regelverk, legg ho til.

Motstridande signal

Knut Arild Hareide (KrF) synest det er bra at regjeringa no legg bort sitt eige forslag. Men han er bekymra for signala frå Helleland om at saka ikkje blir lagt heilt bort.

- Eg er ikkje innstilt på å opne for meir søndagsope enn det som er i dag. Ei mindre liberalisering som vil gjelde for einskilde kommunar, einskilde stader innafor byar og for nokre kjøpesenter, er eg redd for at vil vere starten på ei full kommersialisering av søndagen, seier Hareide til NRK.

Framskrittspartiet sin stortingsrepresentant, Sivert Bjørnstad, reagerer på at kulturministeren seier at ho har lagt saka i skuffa:

- Det er uaktuelt å skrote forslaget om søndagsopne butikkar. Dette er ikkje ei avgjerd om er opp til kulturministeren. Dersom ikkje regjeringa fremjar denne saka, må den fremjast på parlamentarisk nivå, seier Bjørnstad til Aftenposten.