Sterk vekst for Merkur-butikkane

Smått er godt. Nærbutikkane som er knytt til Merkur-programmet, har større vekst i omsetnaden enn andre butikkar i distrikts-Norge. Dette går fram av ein ny rapport frå Institutt for Bransjeanalyser (IBA).

FORNØGD: Kjøpmann Jørn Elvevoll ved Matkroken Tovik i Troms oppnådde ein vekst i omsetninga på 5,6 pst i fjor.

Daglegvarebutikkane som deltar i Merkur-nettverket, hadde i fjor ein vekst i omsetnaden på 5,0 prosent. Distriktsbutikkar som står utanfor Merkur, hadde ein vekst på 4,8 prosent, medan daglegvare-bransjen totalt kom ut med ein vekst på 4,7 prosent.

Institutt for bransjeanalyser har analysert salet av daglegvarer kvart år tilbake til 2008.  Merkur-butikkane har aldri tidlegare hatt så god vekst i omsetnaden som i 2014.

- Eg er svært fornøgd med utviklinga. Vi har hatt jamn vekst gjennom fleire år. I fjor oppnådde vi ein vekst på 5,6 pst. Merkur har hjelp oss til å få fleire bein å stå på, seier kjøpmann Jørn Elvevoll ved Matkroken Tovik iTroms i ein kommentar til Dagligvarehandelen.

Oppløftande tal

IBA har samla inn data frå Statistisk Sentralbyrå for 948 daglegvare-butikkar i distrikts-Norge. 561 av desse butikkane deltar i Merkur-programmet.  Merkur-butikkane hadde i fjor ein gjennomsnittleg omsetning på 8,3 mill. kroner. Distriktsbutikkane som ikkje deltar i Merkur, er jamt over større enn Merkur-butikkane. Gjennomsnittleg omsetning for desse butikkane låg på 16,7 mill. kroner.

Butikkane som deltar i Merkur-programmet, har hatt ei betre utvikling enn dei andre distriktsbutikkane i alle år, frå 2008 til 2014. Siste år kom Merkur-butikkane også ut med større vekst enn daglegvare-bransjen totalt sett.

LES OGSÅ:
Kassasuksess på bygda (Klassekampen 28.11.15)
Tovik tråkket klampen i bånn (Dagligvarehandelen 15.12.15)

- Når vi tar omsyn til at butikkane som ikkje deltar i Merkur, har eit gjennomsnittleg nivå på omsetninga som er nær dobbelt så stort som Merkur-butikkane, er omsetnings-tala for Merkur-butikkane svært oppløftande, skriv forskingsleiar Per Gunnar Rasmussen i IBA-rapporten.

Merkur gir resultat

Forskingsleiaren meiner atden positive utviklinga for dei minste butikkane må ha direkte samanheng med at desse butikkane får kompetanseheving, rådgjevinga og støtte gjennom Merkur.

- Eit aktivt arbeid gjennom Merkur-programmeter  med å gjere butikkane attraktive som innkjøpsstad, må vere den viktigaste årsaka til omsetningsveksten. Denne veksten kan gi grunnlag for forbetring av økonomien for butikkar med låg omsetning og dermed styrke desse butikkane si evne til å utvikle og oppretthalde eit godt butikktilbod til innbyggjarane i mindre lokalsamfunn, skriv Per Gunnar Rasmussen.

Butikkane på Vestlandet kom ut med den sterkaste veksten i 2014. Butikkane i Sogn og Fjordane kunne notere seg for ein salsauke på heile 10 prosent. Butikkane i Nord-Norge hadde den svakaste veksten. Aller dårlegast var utviklinga i Finnmark, der omsetninga gjekk tilbake med 5 prosent.

LES IBA-RAPPORTEN: Analyse av Merkur-butikkenes omsetning i 2014