Festdag for lokal handel

Det var mange blide fjes å sjå på nærbutikkane laurdag, under kampanjedagen for lokal handel. 275 butikkar over heile Norge takka kundane sine for at dei handla daglegvarene sine i bygda. Samtidig vart det understreka kor viktig butikken er, både som møteplass og som servicesenter.

GOD HANDEL: Kjøpmann Johann Baldursson (bak t.h.) gleder seg over at bygdefolket på Hellevik i Sunnfjord sluttar opp om lokalbutikken. t.h. Anne-Grete Hopland.

I butikkane vart det servert kaffi og kaker til fornøgde kundar. Mange butikkar hadde konkurransar, aktivitetar eller ekstra tilbod. Nokre stader stilte lokale lag og organisasjonar opp i butikken, som gode støttespelarar for bygdas butikk.

Mange lokalaviser har sett søkjelys på nærbutikk og lokal handel den siste veka. Fleire butikkar har også marknadsført «Handle lokalt»-kampanjen gjennom Facebook.

LES OGSÅ: 10 gode argument for lokal handel:  Derfor bør du handle lokalt

«Tilslørte bygdekvinner»

Norges Bygdekvinnelag  er ein aktiv støttespelar for bygdebutikkane.  Åsskard bygdekvinnelag stilte villig opp og sto for servering av gratis kaffi, brus, is og kaker til kundane i Bøfjord samvirkelag i Surnadal i Møre og Romsdal. Ein lokal variant av desserten «Tilslørte bondepiker», med namnet «Tilslørte bygdekvinner», slo spesielt godt an, i følgje avisa Driva.

Butikken fekk også besøk av ordførar Lilly Gunn Nyheim, som kunne fortelje at ho ville støtte nærbutikkens ønskje om å halde søndagsope om sommaren, sjølv om ho var prinsipielt imot søndags-butikkar.

DESSERT: Inger Lise Heggem frå bygdekvinnelaget serverte «Tilslørte bygdekvinner» til Tanja Heggem og Ove Grimsmo. Foto: Driva

Joker Ålvundfjord på Nordmøre fekk også god lokal støtte. Bygdelaget, ungdomslaget, sanitetslaget og idrettslaget var både arrangementskomite og gode hjelparar for gjennomføring av «Handle lokalt»-dagen.

Opna nytt drivstoffanlegg

To butikkar hadde ekstra grunn til å juble. Coop Vegmo i Nord-Trøndelag og Coop Marked Gyland i Vest-Agder opna nye drivstoff-anlegg på laurdag. Folket på Vegmo har vore utan tilgang på drivstoff sidan i fjor, då eit kraftig torevær slo ut styringssystemet. No er nytt anlegg på plass, finansiert med støtte frå Merkur.

Ein av dei som møtte opp på butikken, var leiar i Norges Bygdekvinnelag, Marna Ramsøy. Ho oppfordra folk til å handle lokalt. Butikken er ein sosial møteplass og er viktig for trivselen på bygda.

FEIRING: Dagleg leiar Evelyn Storstad ved Coop Vegmo stod for opninga av drivstoffanlegget, saman med Merkur-konsulent Stig Olsson. Foto: Trønder-Avisa

På Gyland har bygda fått drivstoffanlegg gjennom eit stort spleiselag, der både Flekkefjord kommune, næringsfondet og den lokale sparebanken har gått inn med midlar.

Kommunalt engasjement

Suldal i Rogaland har hatt markering både i kommunesenteret Sand og i bygdene rundt. Her har Suldal Vekst samarbeidd med fire bygdekvinnelag og fem lokalbutikkar. Under markeringa i sentrum for ei veke sidan delte ordførar Gerd Helen Bø ut gratis kaffi til besøkande. Vidare var det stands med lokale produkt og utdeling av norske eple og juice.

Butikkane på Suldalsosen, Nesflaten, Erfjord og Vatlandsvåg hadde sine aktivitetar på laurdag. Her var det både konkurransar, kake-lotteri, kåseri  - i tillegg til kaffi-servering.