Lag film om nærbutikken din!

Ta fram mobilen og lag film om nærbutikken!  Merkur-programmet inviterer til film-konkurranse for elevar i 8.-10.klasse, i samarbeid med NRK Skole og filmselskapet Mediamente. Den beste filmen blir premiert med eit gåvekort på 5000 kroner.

Hilde Indrøy_Knut Tore Tjugen_Siw Helen Torvik_Løvikbuda.jpg

MOBILFILM: Elevane ved Dravlausbygda skule i Volda tok utfordringa med å lage film om nærbutikken. Her er det Knut Tore Tjugen og Siw Helen Torvik som filmar kjøpmann Hilde Indrøy.

Filmselskapet Mediamente har besøkt fire ungdomsskular og utfordra elevane til å lage mobil-film om lokalbutikken. Resultatet har blitt fire små reportasje-filmar som set søkjelys på kva rolle butikken spelar i eit lokalsamfunn.

SJÅ FILM: Fire elevfilmar frå nærbutikken

No lanserer Merkur ein nasjonal film-konkurranse for elevar på ungdomsstrinnet. Konkurransen tar utgangspunkt i eit undervisningsopplegg som er utvikla av filmselskapet Mediamente, i samarbeid med NRK Skole. Det pedagogiske opplegget er knytt opp mot læreplanmål i Mat og helse og Norsk.

Premie på 5000 kr

Undervisningsopplegget tar utgangspunkt i dokumentarfilmen «Vårt daglige brød», som har vore vist på NRK fleire gonger. Filmen handlar om ein kjøpmann som slit for å halde den vesle butikken i bygda open heile året, fordi mange av kundane vel å handle i eit større lågprisbutikk.

Det pedagogiske opplegget legg opp til at elevane først skal diskutere problemstillingar frå filmen knytt opp mot kompetansemåli aktuelle fag. Deretter skal dei sjølve lage ein mini-film på 1-3 minuttar om temaet mat og nærbutikk.

LES MEIR: Undervisningsopplegg for film-konkurranse

Filmen kan lagast med mobilkamera eller vanleg kamera. Elevane kan velje om dei vil lage ein enkel reportasje-film frå butikken, dramatisere ei historie omkring mat og butikk eller lage ein personlig film om sitt forhold til bygdas butikk.

Den beste filmen vil bli premidert med eit gåvekort til ein verdi på 5000 kroner. Pengane skal brukast til innkjøp av varer på nærbutikken - til ein klassefest for å feire sigeren! Alle klassar som deltar i konkurransen, vil vere med i trekninga av fem gåvekort på nærbutikken til ein verdi av 1000 kroner.

Deling på Youtube

160 skular over heile Norge vil bli spesielt inviterte til å delta i denne konkurransen. Dette er distrikts-skular som har ein Merkur-butikk i bygda. Andre skular er også velkomne til å delta i konkurransen. NRK Skole har sendt ut informasjon om konkurransen til 4000 skular eller skulekontaktar.

Dei ferdige filmane skal leggjast ut på Youtube eller Vimeo. Dei som vil vere med i konkurransen, må dessutan sende ein epost til Merkur-programmet, med link til filmen og opplysningar om kven som har laga den. Siste frist for innsending er 27.mars 2016.

Dei beste filmane vil bli publiserte på nettsida til NRK Skole og på nettsida til Merkur-programmet etterkvart som dei blir innsendt. Vi oppfordrar derfor interesserte elevar og lærarar derfor om å leggje filmane ut på nett straks dei er ferdige.

LES MEIR: Informasjon om film-konkurransen