230 butikkar deltar i «Handle lokalt»-kampanjen

230 butikkar har gitt melding om av dei vil delta i den nasjonale kampanjen for lokal handel laurdag 31.oktober. Siste frist for påmelding er ute, men sekretariatet i Merkur vil ta imot påmeldingar så lenge der er materiell på lager.

PAKKESJAU: Kampanje-materiell klart for utsending via Posten. Kommunikasjonsrådgjevar Per Kjetil Jørgensen (t.h.) hadde god hjelp til pakkinga av Jonas Hals Underhaug (t.v.)

Denne veka har det vore hektisk aktivitet med pakking og utsending av kampanje-materiell. Alle plakatar, flygeblad, balllongar og klistremerke skal etter planen vere framme hos mottakarane i løpet av veka som kjem.

«Handle lokalt – velg nærbutikken» vil fokusere på kor viktig butikken er som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Handle lokalt-kampanjen blir organisert av Merkur-programmet, som er Kommunaldepartementets program for å utvikle og støtte butikkar i distrikts-Norge.

Alle butikkar som deltar i kampanjen, vil få materiell tilsendt gratis. Det er trykt opp materiell både på nynorsk og bokmål, slik at alle får materiell på si målform. 

OVERSIKT OVER DELTAKARAR: Desse butikkane vil delta i Handle lokalt 2015

VIL DU DELTA? Her kan du melde deg på nærbutikk-kampanjen