37 mill. kr til utkantbutikkane

Regjeringa foreslår ei tildeling på 37,3 mill. kr til Merkur-programmet og støtteordningane for daglegvarebutikkar i distrikta i statsbudsjettet for 2016. Dette tilsvarar eit kutt på to millionar kroner, samanlikna med budsjettet for 2015.

MERKUR: Kommunalminister Jan Tore Sanner ønskjer å satse vidare på Merkur-programmet og arbeidet med å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet understrekar i sin budsjett-kommentar at dei også for 2016 vil leggje vekt på tiltak for å oppretthalde og vidareutvikle tilbodet av daglegvarebutikkar og gode tenester i område med små marknader. Dette skjer i hovudsak gjennom Merkur-programmet.

Neste år skal Merkur leggje vekt på arbeidet med tilleggstenester som gir auka lønsemd for den enkelte daglegvarebutikk. Dette som ei oppfølging av den evalueringa av Merkur-programmet som vart gjennomført av Møreforskingi fjor.

Merkur skal fokusere sterkare å butikkar i dei mest perifere områda og leggje vekt på det som kan definerast som grunnleggande tenester innafor Merkur. Som ein konsekvens av dette vil arbeidet med Merkur Bok bli fasa ut.

Departementet foreslår ei samla tildeling på 37,3 mill. kr til Merkur-programmet (kompetanse-programmet), investerings- og utviklingsstøtta til daglegvarebutikkar og investeringsstøtte til drivstoffanlegg.  Løyvinga til kompetanse-delen er uendra, medan midlane til støtte-ordningane er redusert med to millionar kroner samanlikna med 2015.