Søk om butikk-støtte for 2015

No kan du søkje om investeringsstøtte eller utviklingsstøtte til nærbutikken. Stortinget har gitt 30 millionar kroner til fordeling i 2015, det er same sum som for 2014.

30 MILLIONAR: Avdelingsleiar for støttesaker, Sissel Karin Hals, har begynt å ta imot søknader om investeringsstøtte for 2015.

Merkur-programmet tok ikkje imot nye søknader i desember, fordi midlane var i ferd med å bli brukt opp. No er det elektroniske søknadsskjemaet (RF 13.50) opna igjen for nye søknader.

Der er ingen endringar i regelverket for tildeling av støtte, verken når det gjeld investeringar i butikk eller i drivstoffanlegg. Reglane som vart innført i 2013, vil gjelde også for 2015.

Ufullstendige søknader

Merkur får svært mange ufullstendige søknader. Ofte manglar uttale frå kommunen eller opplysningar om tidlegare utbetalt offentleg støtte. Andre gonger er det skrive inn feil namn eller organisasjonsnummer til butikken.

Ufullstendige søknader kan ikkje behandlast og vil heretter bli avvist. Det betyr at søkjaren får ekstraarbeid med å lage ein heilt ny søknad. Merkur vil på det sterkaste oppmode søkjarane om å sjekke grundig at søknaden er fullstendig, med korrekte opplysningar og alle vedlegg, før den blir sendt inn.

Når du har fått godkjent ein søknad og fått tilsegn om støtte, må du hugse å signere på at du har akseptert tilsegna. Dette er ein føresetnad for at du seinare kan be om utbetaling av pengane. Tilsegn som ikkje er akseptert innan tre veker, vil automatisk bli kansellert.

Tre vekers behandlingstid

Fullstendige søknader som er innafor regelverket, kan rekne med ei behandlingstid på opptil tre veker. I periodar med ferieavvikling må du rekne med noko lenger behandlingstid.

Søknader frå butikkar med under 10 km avstand eller med over 10 mill. kroner i omsetning, er såkalla unntakssaker. Det betyr at desse sakene krev ei grundig fagleg vurdering, som kan ta lang tid. Nokre av desse sakene må leggjast fram for styret for endeleg avgjerd. Det er sjeldan slike søknader blir ferdig handsama i løpet av tre veker, då det er minst to månader mellom kvart styremøte.

Husk å rapportere og be om utbetaling innan den fristen som er oppgjeve i tilsegna. Dersom butikken ikkje rapporterer at investeringa er gjennomført, vil saka bli avslutta og unytta midlar vil bli inndratt.


Har du behov for hjelp til lage søknad eller be om utbetaling?

Slik opprettar du ein ny søknad om støtte

Slik ber du om utbetaling frå Merkur