Nytt styre for Merkur-programmet

Coop-direktør Aud Lundstad, kjøpmann John Karsten Hustveit og næringshage-leiar Malene Aaram Vike har fått plass i det nye styret for Merkur-programmet. Fylkesmann Inge Ryan held fram som styreleiar.

NYE FJES: Aud Lundstad, Coop, John Karsten Hustveit, Åkrafjordtunet, og Malene Aaram Vike, Aura Næringshage går inn i Merkurs programstyre.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har oppnemnt nytt programstyre for Merkur for 2015. Departementet har denne gongen valt å fornye styret ved å skifte ut tre medlemmer.

Næringssjef Bjørnar Sellevold, Andøy kommune, kjedesjef Øyvind Dahl, ICA, og fagsjef Frode Kristensen, Matmerk, fikk alle takk og gode ord på Merkurs siste styremøte før jul.

Tre nye styremedlemmer skal vere på plass på årets første styremøte, 22.januar:

  • Aud Lundstad er direktør for samvirkelagsutvikling og sit i konsernleiinga for Coop Norge SA. Ho har tidlegare vore kjededirektør for Prix og direktør for Region Øst i Coop.
  • John Karsten Hustveit er dagleg leiar for Åkrafjordtunet i Etne. Butikken vart i 2011 kåra til landets beste Merkur-butikk på grunn av god utvikling og mange tilleggstenester, inkludert ei sterk satsing på lokalmat.
  • Malene Aaram Vike er dagleg leiar for Aura Næringshage på Nordmøre. Ho har jobba mykje med entreprenørskap og næringsutvikling og var varamedlem i Merkur-styret i 2010-12.

Joker-direktør Kjell Arne Bjerklund, kjøpmann Ingunn Laumann, Dønna, rådgjevar Sylvi Berg Holene, Telemark fylkeskommune og direktør Trine Stensen i Bokhandlerforeningen held fram som styremedlemmer. Fylkesmann i Nord-Trøndelag, Inge Ryan, har fått fornya tillit som styreleiar.

Styret for Merkur-programmet har det overordna ansvaret for drifta av Merkur, både når det gjeld strategisk arbeid og forvaltning av ordningane med investeringsstøtte. Styret har møte seks gongar for året.