200 nærbutikkar fekk støtte i fjor

Det er stor interesse for opprustning og modernisering i distrikts-Norge. 200 nærbutikkar fordelt på 130 kommunar fekk tilsegn om støtte til viktige investeringar i fjor. Det er nesten like mange som i rekordåret  2013, då 216 butikkar fekk hjelp gjennom Merkur.

EVANGER LANDHANDLERI: Evanger-bygda ved Voss fekk tilbake lokalbutikken i fjor, takka vere lokalt initiativ og god støtte frå Merkur-programmet.

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar fordelte i fjor 38,5 millionar kroner på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet til småbutikkar som er avgjerande for sine lokalsamfunn.

Stortinget gav i utgangspunktet ei løyving på 30 mill. kroner til distriktsbutikkar, men i tillegg har Merkur fått disponere unytta løyvingar frå tidlegare år. Likevel måtte Merkur stoppe innsending av nye søknader i slutten av november, fordi pengesekken var i ferd med å gå tom. I 2013 vart det fordelt til saman 43, 8 mill. kr., inkludert overførte midlar frå tidlegare år.

Stort behov

- Butikkane i bygde-Norge har framleis stort behov for opprusting. Mange stader ser vi at folk slår ring om butikkane sine. Kjøpmennene viser stor vilje til å utvikle butikkane slik at dei kan dekke dei behova som er i lokalsamfunna. Interessa for å søkje om støtte til investeringar auka kraftig etter at Kommunaldepartementet forbetra regelverket for to år sidan, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur-programmet.

Tre fylke peikar seg ut når det gjelder ekstra stor investeringsvilje. Det er Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland. Men tilskota frå Merkur fordeler seg på til saman 18 fylke og 130 ulike kommunar.

Investeringsstøtte

Største delen av midlane, 31,2 mill. kr,  går til investeringsstøtte til butikkane. Det vil seie at pengane blir brukt til nye kjølediskar, frysarar, butikkdata eller oppussing av butikk-lokalet. Nokre butikkar har behov for større lokale. Andre satsar på å byggje ut kaffikroken som ein møtestad for bygda. Fleire butikkar investerer for å kunne tilby tilleggstenester utover sal av daglegvarer.

5,1 mill. kroner skal gå til modernisering eller utbygging av drivstoffanlegg i tilknyting til butikken. 25 søkjarar har fått tilsegn om drivstoff-støtte. 1,6 mill. kroner gjeld utviklings- og aktivitetsstøtte til butikk.

Merkur-programmet er først og fremst eit tilbod om rådgjeving og kompetanseheving for kjøpmenn i distrikts-Norge. Butikkane som vil delta i utviklings-programmet, kan også få økonomisk støtte til viktige investeringar.  

 

STØTTE-OVERSIKT FOR 2014:
Her er oversikt over fordelinga av investeringsstøtte for 2014, med fylkesvis fordeling av butikkane