På studietur til butikkar i grenseland

Styret og administrasjonen i Merkur har vore på studietur til butikkar i Trøndelag og Jämtland. Både på norsk og svensk side av grensa jobbar butikkane og  kommunane aktivt for å halde oppe service-tilbodet for dei som bur der.

VALSJÖBUA: Kjøpmann Margareta Andersson (t.v.) i samtale med Sylvi Berg Holene, Sissel Karin Hals, Trine Stensen og Judith Kortgård frå Merkur.

Det er langt mellom både folk og butikkar Namsskogan og Lierne i Nord- Trøndelag. Men Skorovas Samvirkelag og Kvelibua er eksempel på gode småbutikkar som fyller ei viktig rolle både som samlingsplass og som matleverandør for sine lokalsamfunn. Begge butikkane har også deltatt i Merkur-prosjektet «Butikken som sosial arena» og er inne i ei positiv utvikling.

Inge Lise Haugen på Skorovatn og Roland Aagård i Kvelia var hyggeleg vertskap då 12 representantar frå Merkur-programmet kom på besøk tysdag.

Merkur-styret gjennomfører kvart år ein studietur for å sjå og høyre korleis kvardagen er for distriktsbutikkane. I fjor gjekk turen til Helgeland; denne gongen var det grensebygder i Nord- Trøndelag  og i Jämtland som fekk besøk.

Hyttefolk er medeigarar

Onsdag gjekk turen over grensa til Valsjöbua i Krokom, rett aust for Lierne. Dette er ein liten, frittståande folkeeigd butikk med ein avstand på 6 mil til neste butikk og  ein lokalmarknad på 50 husstandar. Omsetnaden av daglegvarer ligg på knapt seks millionar kroner.

- Det er viktig at kjøpmannen engasjerer seg i det som skjer i bygda. Vi må samarbeide med heile lokalsamfunnet for å få til noko. Facebook er ein viktig kanal for å nå folk, seier Margareta Andersson som driv butikken.

Ho fortel at mange hytteeigarar har gått inn med kapital for å sikre at bygda har eit butikk-tilbod. Bygdefolket har vore flinke til å stille opp på dugnad. Det er stor vilje til å handle lokalt. Butikken har tilleggstenester som post, apotek, bussgods, fiskekort og utlevering av polvarer. Bygda eig eit drivstoffanlegg som er lokalisert til nærbutikken.

Svensk driftsstøtte?

Merkur-leiinga besøkte også Karl Ors Bua (Ica Nära) i Hallen. Dette er ein litt større butikk som merker handelslekkasjen mot regionsenteret Östersund, på den andre sida av Storsjön.

SKOROVASS: Merkurs styre og administrasjon på besøk hos Inger Lise Haugen på Skorovas samvirkelag.

Styret og administrasjonen hadde også møte med ordførarar og næringssjefar frå kommunane Krokom og Åre. Begge kommunane er opptatt av at også utkantane skal ha butikk-tilbod og anna kommersiell service.

Pär-Ove Bergquist frå Tillväxtverket var reiseleiar på svensk side av grensa. Han gav også god orientering om det svenske systemet for å gi hjelp og støtte til distriktsbutikkar. Sverige har ikkje nokon organisasjon som tilsvarar Merkur-programmet, men har i stor grad overlete tiltaksarbeid for butikkar til fylke og kommunar.

Den svenske staten har no sett i gang ei offentleg utgreiing som vurderer om det skal etablerast ei ny ordning med offentleg driftsstøtte til distriktsbutikkar som tilbyr service-tenester utover det å selje matvarer. Tillväxtverket har gjennomført eit større prosjekt for å prøve ut ulike løysingar for såkalla service-punkt.

LES MEIR: Kva skjer i Sverige? Her er rapport om lokale service-løysingar