Får halde fram med Merkur-programmet

Konsulentfirmaet Mentor AS i Førde får fornya oppdraget med  å vere sekretariat for Merkur-programmet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet fekk to tilbod då Merkur-oppdraget vart lyst ut gjennom ein offentleg anbods-konkurranse.

Mentor får Merkur-kontrakt.jpg

FEIRING: Sissel Karin Hals, Helge Schei og Per Kjetil Jørgensen i Mentor AS gleder seg over at dei får halde fram med drifta av Merkur-programmet.

Mentor får i oppdrag å drive sekretariats-funksjonen for Merkur i tre år framover, frå 2015 til 2017. I same periode skal firmaet også ha ansvar for drift og administrasjon av investeringsstøtte-ordninga for utkantbutikkar. 

I avtalen mellom departementet og Mentor ligg det også ein opsjon på at avtale-perioden kan bli forlenga med ytterlegare eit år, ut 2018.

Merkur-programmet er i utgangspunktet eit statleg program for utvikling av distriktsbutikkar. Men drifta av programmet har sidan etableringa i 1995 vore lagt til konsulentfirmaet Mentor, først som eit prøveprosjekt og seinare som eit tidsavgrensa oppdrag.  Det er tredje gongen at Mentor har vunne anbods-konkurransen om vidare drift av Merkur.

Mentor AS er eit firma som har spesialisert seg på bedriftsrådgjeving og næringsrådgjeving. Firmaet har i dag sju medarbeidarar, med brei erfaring frå industri, bank, kommunikasjon, tenesteyting og handel. Dei viktigaste kundane er etablerarar og små og mellomstore bedrifter. Mentor utfører også større oppdrag for Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tre av medarbeidarane i Mentor jobbar med Merkur-programmet på heiltid. Det er Helge Schei, dagleg leiar, Sissel Karin Hals, avdelingsleiar for støtteordningar, og Per Kjetil Jørgensen, kommunikasjonsrådgivar. Helge Schei har vore ein nøkkelperson i Merkur sidan starten.

Då Møreforsking tidlegare i år gjekk kritisk gjennom organiseringa av Merkur-programmet, vart det vurdert om departementet si satsing på utkantbutikkar burde riggast på ein annan måte for framtida. Men konklusjonen vart at ordninga med offentlege anbod kvart fjerde år fungerer godt, samtidig som den er robust og kostnads-effektiv.