Bli med på Handle-lokalt-kampanjen

Laurdag 1.november blir den aksjonsdag for lokal handel. Alle Merkur-butikkar over heile landet blir inviterte til å delta i aksjonen. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken».

NYTT SLAGORD: Nærbutikk-kampanjen har fått nytt slagord og nytt materiell.

Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke trufaste kundar for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Nytt slagord

I fjor var det 160 butikkar som deltok i kampanjen for lokal handel, under slagordet «Hugs å handle heime». Dei fleste butikkane markerte dagen ved å spandere kaffi, brus, is og kaker på kundane. Nokre butikkar gjekk ut med spesielle tilbod. Andre nytta anledninga til å invitere ordførar eller lokalavisa på besøk.

No er slagordet endra, slik at det skal bli enda tydelegare kva som er formålet med kampanjen. Det er også utvikla nytt materiell, i samarbeid med reklamebyrået Rein Design i Førde. Alle som kjem innom lokalbutikken i dagane før aksjonsdagen, vil få utdelt ein flyer med takk for at dei har handla i sitt eige lokalsamfunn. Dei vil også få ein invitasjon til aksjonsdagen. 

- Kva som skjer på sjølve nærbutikk-dagen, vil kunne variere litt frå butikk til butikk. Men alle butikkar som deltar i aksjonen, vil setje pris på kundane sine, seier Per Kjetil Jørgensen.

Viktig kampanje

Butikkane som deltar i kampanjen, vil få materiell tilsendt gratis. Det gjeld plakatar, flyers, klistremerke og ballongar. Det er trykt opp materiell både på nynorsk og bokmål, slik at alle får materiell på si målform.  

- Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde opp levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive både for dei som bur der i dag og dei som vurderer å etablere seg der, seier Per Kjetil Jørgensen.

Merkur-programmet har som målsetting at 300 butikkar skal delta i årets kampanje for lokal handel. Siste frist for påmelding er fredag 3. oktober.

 

VIL DU DELTA? Her kan du melde deg på nærbutikk-kampanjen