Ungdom lagar film på butikken

Ungdomsskule-elevane i Dalsfjorden har laga film om nærbutikken. Løvik-buda vart i minste laget då 23 entusiastiske ungdomsskule-elevar kom på besøk for å lage dokumentarfilm om kva rolle den folkeeigde butikken spelar i bygda.

MOBILFILM: Kjøpmann Hilde Indrøy blir filma medan ho legg på plass brødvarene. Knut Tore Tjugen og Siw Helen Torvik har ansvaret for filmopptaket.

Elevane  i Dravlausbygda i Volda brukte sine eigne mobiltelefonar for å intervjue kjøpmann Hilde Indrøy og medhjelpar Heidi Lyshol Grepstad.  Nokre av elevane fekk i oppdrag å filmen aktivitetar i butikken, medan andre tok såkalla innklipps-bilde. Ein av elevane stilte opp som kunde og vart intervjua av dei andre elevane:

- Nærbutikken er svært viktig for alle som bur her. Eg brukar butikken så mykje som eg kan, og håper veldig at han overlever også i framtida, seier ungdomsskule-eleven Petter Bjørklid i eit av intervjua.

Samarbeid med skulen

Samarbeidet mellom Dalsfjord barne- og ungdomsskule og Joker Løvik kom til etter initiativ frå Merkur-programmet og filmselskapet Snøball film. Produsent Torstein Nybø i Snøball reiste til Volda for å presenterte dokumentarfilmen «Vårt daglige brød» på dokumentarfilmfestivalen der. Dagen etter viste han filmen for ungdomsskuleelevane på Dravlaus. Så fekk elevane i oppdrag å lage sin eigen mini-dokumentar om bygdebutikken, som ligg berre nokre få hundre meter frå skulen.

Etter ferdig opptak fekk elevane beskjed om å sende mobilfilm-klippa over til Snøball film. No ventar dei på å få tilbake ein ferdig redigert film, som dei kan dele på Facebook eller andre sosiale medium.

Merkur-programmet vurderer å setje i gang fleire slike mobilfilm-prosjekt til hausten, for å skape endå større engasjement rundt distriktsbutikkane. 

Løvik Folkebutikken.jpg

SPENNANDE PROSJEKT: Elevane på ungdomsskulen i Dalsfjorden ville gjerne delta på mobilfilm-opplegget, som vart leia av produsent Torstein Nybø i Snøball film. Faksimile: Sunnmørsposten

Snøball film har også gjort eit profesjonelt filmopptak på butikken i Dalsfjorden, på oppdrag frå Merkur-programmet. Resultatet skal bli ein mini-dokumentar som Merkur kan bruke i sitt informasjonsarbeid.

Positiv utvikling

Løvikbuda i Dalsfjorden er ein nokså typisk Merkur-butikk, med 4 millionar kroner i omsetnad og 7 km avstand til neste butikk. I 1999 vart den gamle familieeigde butikken i bygda nedlagt. Eit år seinare opna bygdefolket sin eigen butikk, etter at 30 personer hadde gått saman om å reise ny aksjekapital.

I dag er bygda inne i ei positiv utvikling, med ny barne- og ungdomsskule og mange unge familiar som har etablert seg med nye hus. Fleire har valt å busetje seg i Dalsfjorden og jobbe i kommunesentret. Butikken har utvida varesortimentet slik at alle kan få dei varene dei har behov for, utan å måtte handle i Volda sentrum i tillegg.  Den folkeeigde butikken står sterkt i bygda og gått med overskot dei to siste åra.

- Vi set stor pris på dette film-samarbeidet med ungdomsskulen. Det er viktig å knytte ungdommane i bygda nærmare til butikken. Det er veldig positivt at elevane får meir innsikt i problemstillingar som har med butikken og bygda å gjere, seier kjøpmann Hilde Indrøy.

- Merkur-programmet gjer ein stor innsats for å sikre drifta og utviklinga av nærbutikkar som denne. Når dei vil ha oss med på film, er det berre å takke og bukke, seier ho til Sunnmørsposten som laga heilsides reportasje om filmprosjektet.