Butikken er livsnerven for øya

Nærbutikken er avgjerande for å kunne bu på Sandsøya. Irene Skare og Liv Toftesund vil gjerne støtte opp om «Coopen» på Sandshamn, ytst i havgapet på Sunnmøre. – Utan butikkar blir det vanskeleg for folk å bu i små bygder, seier Geir Espe, adm. dir. i Coop Vest.

LOJALE KUNDAR: Irene Skare (t.v.) og Liv Toftesund har valt å handle på lokalbutikken, i staden for å dra til kommunesenteret.  Foto: Sunnmørsposten

Sandsøya i Sande kommune slit med fråflytting. Det er vanskeleg å drive butikk med vel 200 innbyggjarar, men «Coopen» held stand. I det heile tatt ligg Coop-butikkane ganske tett på Søre Sunnmøre. På strekninga frå Lauvstad i Volda til Åheim i Vanylven har Coop Vest ein butikk i kvar bygd.  

- Butikken betyr at det går an å bu her. Det hadde ikkje vore lett viss vi ikkje hadde butikk her, seier Irene Skare, som sjølv er ung mor med stort engasjement for nærbutikken.

Med jobb i kommunesenteret Larsnes kunne ho handla med seg mat derifrå, før ho tek ferja heim til Sandsøya. Men Irene er ei av dei som ser verdien av nærbutikken og støttar opp.

Trufaste kundar

Som andre bygder, opplever også Sandsøya handelslekkasje. Men det vil ikkje styraren for Merkur-butikken fokusere på:

- Eg er oppteken av dei som handlar her, og ikkje dei som ikkje brukar butikken. Det er eit val dei tek, og det er ein konsekvens dei må leve med den dagen butikken er vekke, seier Anna Kirsti Skare til Sunnmørsposten.

Ein annan trufast kunde er Liv Toftesund. – Eg har aldri bore med meg heim att matvarer frå andre stader, forsikrar Liv som no har budd på Sandsøya i 55 år.

I 22 år hadde ho også jobb på butikken. No er ho medlem i butikkrådet, som er bindeledd mellom bygda og butikken. Dei stiller opp når butikken steller i stand ulike aktivitetar, som vaffelsteiking og julegrantenning. Men Coopen har ei viktig rolle som sosial møteplass også på vanlege dagar.

Hyttefolk avgjerande

Coopen har hatt stabil handel siste åra, og Liv Toftesund rosar butikkstyraren for jobben ho gjer. Til dømes for dei eldre som er heilt avhengige av butikken. Dei som ikkje har bil, får bringa varer frå butikken ein gong i veka.

SANDSHAMN: Hyttefolk har blitt ei stadig viktigare kundegruppe for butikken på Sandsøya.

Folketalet har gått nedover, men Sandsøya er populært reisemål med mange hytter og ferie-hus.

- Vi har mange oppegåande hytteturistar som har forstått at verdien av hyttene deira avheng av butikken. Dei er flinke til å handle her, og er heilt avgjerande for oss, seier Anna Kirsti til avisa.

Butikkane får leve

Geir Espe, administrerande direktør for Coop Vest, konstaterer at samfunnet er blitt meir sentralisert. Folk har blitt meir mobile og mindre lojale.  Dei som bur på bygdene, jobbar gjerne i eit regionsenter og handlar der før dei reiser heim. Difor har Coop også posisjonert seg i regionsentra, med store Extra-butikkar.

Talet på småbutikkar går ned, med Coop Vest driv framleis 17 Coop Marked i småbygder på Søre Sunnmøre og i Nordfjord. Coop-sjefen forsikrar om at det ikkje er planar om å legge ned fleire butikkar. Så lenge det er nullresultat, vil dei små butikkane bestå.

Espe er klar over at butikkane har ei viktig rolle i små bygdesamfunn:

- Då eg køyrde heim etter folkemøte om nedlegging i Fresvik i Sogn, tenkte eg at viss vi legg ned her, så slår vi av brytaren til heile bygda. Dette gjeld også fleire andre stader, spesielt der Coopen er siste butikk, seier Espe til Sunnmørsposten.

- Desse butikkane er vi nøydde til å ha. Legg vi ned, blir det vanskeleg for folk å bu der. Coop ønskjer å vere ein aktiv samfunnsaktør, også i små bygder, sluttar Coop-sjefen.