Her er Merkurs gode venner

Merkur-programmet får stadig fleire venner. No har Facebook-sida til Merkur fått 500 venner som har valt å få daglege oppdateringar på kva som skjer med dei små butikkane i distrikts-Norge.

LIKAR MERKUR: Kariann Ekren, Jan Børge Monsen, Ole Jakob Christensen, Jorunn Nedal Marken og Johnny Hansen er blant dei 500  som følgjer Merkur på Facebook.

- Facebook har blitt ein viktig del av kvardagen til veldig mange. Derfor har vi i Merkur bestemt oss for å satse på dette sosiale mediet for dele informasjon. Vi ønskjer å bruke Facebook for å fortelje om alt det positive som skjer i og rundt butikkane i distrikta, seier kommunikasjonsrådgjevar Per Kjetil Jørgensen.

Merkur har satsa meir på digital kommunikasjon siste året. I fjor haust vart det lansert ny nettside som er tilpassa nettbrett og smarttelefon. I januar vart det lansert tilbod om månadlege nyheitsbrev. Og i februar kom det nye web-baserte søknadsskjema for butikkar som har behov for støtte til investeringar.

Vil vere der folk er

Facebook er ein del av den digitale strategien. Når kjøpmenn og andre bygdefolk er på sosiale medium, så ønskjer Merkur også å vere der.

Nettet gir Merkur ein unik sjanse til å spreie og dele aktuelle saker. Facebook gjer det mogleg å nå ut til langt fleire målgrupper og enkeltpersonar enn dei som oppsøkjer den ordinære nettsida vår. Og Facebook fungerer langt på veg som ei inngangsdør til nettsida.

- Vårt mål er at Merkurs side skal vere den viktigaste sida på Facebook for folk som er opptatt av butikk-utvikling og bygde-utvikling. Vi ønskjer å fortelje om kor viktige butikkane er for framtida til bygdene og vi ønskjer å inspirere flest mogleg til å utvikle butikken som bygdas servicesenter.  Her skal du kunne finne både spennande tiltak, driftige kjøpmenn og krevande utfordringar, seier Per Kjetil Jørgensen.

Fem Merkur-venner

Det er ikkje berre kjøpmenn som følgjer Merkur på Facebook. Ein gjennomgang av «vennelista» fortel at mange ulike folk har valt å markere at dei «liker» Merkur-programmet. Her er fem av våre gode venner:

  • Venn nr 100: Kariann Ekren, kjøpmann ved Nærbutikken Kvingo i Nordhordland. Har følgt Merkurs hovudprogram og brukar Facebook aktivt i marknadsføring av eigen butikk.
  • Venn nr 200: Jan Børge Monsen, landpostbod i Lærdal. Interessert i lokalpolitikk og opptatt av bygdeutvikling.
  • Venn nr 300: Ole Jacob Christensen, småbrukar i Vestre Slidre i Valdres. Idealist som er sjølvforsynt med det meste og som produserer Vikabråtost og anna kortreist mat.
  • Venn nr 400: Johnny Hansen, styrmann frå Selvær i Træna i Nordland. Arbeider for å bygge opp att butikken på Selvær som brann ned for to år sidan.
  • Venne nr 500: Jorunn Nedal Marken, kjøpmann ved Joker Fiksdal i Romsdal. Aktiv kjøpmann som er opptatt av at butikken skal støtte opp om lag og organisasjonar i bygda.

Engasjerte venner

Merkurs venner på Facebook er langt meir engasjerte enn det som er vanleg for personar som følgjer organisasjonar eller offentlege nettstader. Når Merkur postar nye innlegg, går det ikkje lang tid før innlegga blir likt, kommentert eller delt. På denne måten når bodskapen om kor viktig dei små butikkane er for busetnad og trivsel, ut til langt fleire enn dei 500. Rekorden var ei melding om Årets butikk på Indre Østlandet som nådde ut til 4.500 personar. Det fortel mykje om krafta som ligg i sosiale medium.

57 prosent av tilhengarane til Merkur er kvinner, 43 prosent er menn. Kvinner mellom 44 og 55 år utgjer den største gruppa. Det er også denne gruppa som er mest aktiv når det gjeld kommentarar og deling.

Facebook har tradisjonelt blitt oppfatta som eit medium for ungdommar. Men vårt oversyn viser at dei fleste av Merkur sine tilhengarar er over 35 år. Ja, vi har til og med 50 venner som er over 65 år! Det er ganske sprekt.

Bli venn med Merkur på Facebook du også!