Folkefest for ny folkebutikk

Det var 17.mai-stemning på Stamnes i Hordaland då bygda fekk tilbake nærbutikken, etter eit halvt år utan butikktilbod. – Eg er veldig imponert over det som har skjedd her. Stamnes er eit godt eksempel på kva for folkeleg engasjement som kan bli utløyst når butikken plutseleg blir borte, seier Merkur-konsulent Per Spillum.

Erling Stamnes opnar.jpg

JUBEL:  Erling Stamnes klipper snora for den nye folkeeigde butikken på Stamnes.

Hornmusikken spelte, ordføraren helsa og det var stor marsipankake til kundane då Joker Stamnes i Vaksdal opna dørene. Glade og fornøgde bygdefolk stod i kø for å komme inn i butikken - og måtte finne seg i å stå i kø for å betale i kassen.

Då kassa vart gjort opp om kvelden, kunne kjøpmann Roy Stien glede seg over ei omsetning på 80.000 kr. Det er nokså nøyaktig ein prosent av den forventa årsomsetnaden på 8-9 millionar kr.

Sterkt engasjement

Det skapte sterke reaksjonar i bygda då Coop Hordaland bestemte seg for å leggje ned butikken på Stamnes 1.september i fjor. Fleire kundar let seg avbilde  i lokalavisa medan dei klipte opp medlemskorta i Coop i protest.

Før nedlegginga vart ein realitet, gjekk folket i bygda saman for å etablere eit aksjeselskap for å drive ein ny butikk. Da Coop Marked stengte dørene for godt, vart dei tilsette heidra med blomster og ros for sin innsats for bygda.

Det siste halvåret har  heile bygda stilt opp på dugnad for å gjere den gamle og nedslitne butikken om til ein moderne og attraktiv daglegvarebutikk. Gammalt inventar er tatt ut og erstatta av nytt. Vegger og tak har blitt malt og det er lagt nytt golv. Butikken har fått ny kjøl, frys og datakasse. Til saman er det lagt ned rundt 3000 dugnadstimar. Det einaste som no gjenstår, er utvendig vedlikehald av bygget.

Stamnes folk.jpg

FOLKEFEST: Butikk-opninga samla bygda. På opningsdagen vart det selt varer for 80.000 kr.

Viktig treffpunkt

- Da butikken forsvann, fekk vi ei folkeleg mobilisering. Dugnadsånda har blomstra. Når alle samarbeider så godt som her, kan vi få til det utrulegaste, seier Erling Stamnes i styret for Stamnes Handel.

Erling Stamnes fortel at butikken har vore eit viktig treffpunkt for dei 400 innbyggarane i bygda.

- Det gjekk ikkje riktig opp for oss kva vi gjekk glipp av, før det var for seint. No er alle veldig glade for at butikken er tilbake. Eg trur at vi kjem til å bruke den enno meir enn før, seier han til NRK Hordaland.

Spleiselag

Stamnes Handel er etablert som eit folkeeigd aksjeselskap. Bygdefolket har kjøpt aksjar for 1,2 mill. kr. Butikken har fått 400.000 kr i investeringsstøtte frå Merkur-programmet både for 2013 og 2014. Vidare har butikken fått 150.000 kr frå Vaksdals Næringsselskap og 25.000 kr frå Osterfjord næringsråd. Desse tilskota har vore ein føresetnad for å få den nye butikken i gang.

Merkur-konsulent Per Spillum har vore rådgjevar for bygdefolket når det gjeld etablering av ny butikk. Han er svært glad  for at bygda har fått tilbake nærbutikken og at engasjementet er så stort.

- Eg er verkeleg imponert over folket på Stamnes, seier Spillum.

Her er NRK Vestlandsrevyen sin reportasje frå butikk-opninga