Bygda vil kjøpe butikken

Bygda stilte opp då kjøpmannen ville gi seg. 100 personar deltok på folkemøte i Askvoll då det vart klart at eigarane av Joker Kvammen hadde bestemt seg for å selje butikken. I løpet av kvelden vart det gitt lovnad om kjøp av aksjar for over 600.000 kr.

Folkemøte Førdefjorden.jpg

BYGDE-JA: Bygda gav eit rungande ja til overtaking på folkemøtet på Allhuset, vegg i vegg med butikken.  Foto: Ingunn Osland, Firda

Kjøpmann Ole Stubhaug har vore ein foregangsmann når de gjeld å utvikle butikken ved Førdefjorden til eit bygdesenter, med aktivitet både på dagtid og kveldstid. Merkur-programmet har brukt butikken på Kvammen som eit eksempel på korleis butikken fungerer som limet i bygda.

I fleire år har det vore onsdagskafe for eldre og laurdagskafe for heile bygda. For to år sidan vart det bygt storkjøkkken og allaktivitetshus vegg i vegg med butikken. No har bygda både ein god nærbutikk og eit bygdesenter med fotballbane, sandvolleyballbane, leikeplass, allhus, treningssenter og garderobar. Alt er etablert gjennom eit svært godt samarbeid mellom kjøpmannen og bygda.

Sterkt engasjement

No ønskjer Anne Lise og Ole Stubhaug å selje butikken, etter 35 års drift. Merkur-konsulent Ronny Mowatt opplyste på folkemøtet at dei har ein person som kan tenke seg å drive butikken vidare. Men den nye kjøpmannen ønskjer ikkje å eige. Derfor er det aktuelt å etablere eit askjeselskap som kan drifte butikken. Dei gamle eigarane er villige til å leige ut.

- Det engasjementet og den dugnadsånda de har vist her i området, lovar godt, sa Mowatt på folkemøtet, som vart leia av Førdefjorden vel. Målet er å få inn ein aksjekapital på rundt ein million kroner.

På folkemøtet var det ingen tvil om at bygda vil ta denne utfordringa. 66 av dei frammøtte gav signal om at dei kunne tenke seg å kjøpe aksjar, for til saman 635.000 kroner. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med saka, danne eit aksjeselskap og vere klare til å ta over butikken til sommaren.

Ole Stubhaug onsdagskafe.jpg

KAFE-TILBOD: Kjøpmann Ole Stubhaug har vore ein foregangsmann når de gjeld å utvikle butikken som bygdefolket sin møteplass.

Folkebutikkar

Merkur-programmet har gode erfaringar med etablering av folkebutikkar. Slike butikkar kan vere meir livskraftige enn kjøpmanns-eigde eller kjede-eigde butikkar, fordi dei er etablert gjennom eit sterkt folkeleg engasjement.

– Det er ikkje folkebutikkane som først blir lagde ned, seier Merkur-konsulent Ronny Mowatt.

Det finns fleire typer folkebutikkar.  Bygda kan eige butikkbygget, dei kan eige driftsselskapet eller dei kan eige både bygget og drifta. Felles for alle modellane er at bygdefolket reiser kapital for å ha butikk i bygda.