Søk om støtte til butikk og drivstoff

Merkur-programmet er klar til å ta imot nye søknader om investeringsstøtte til både nærbutikk og drivstoffanlegg. Nytt for i år er at kjøpmennene skal bruke eit nettbasert søknadsskjema i staden for søknadsskjema på papir.

Sissel ved pc.jpg

KLAR: Avdelingsleiar for støttesaker, Sissel Karin Hals, er glad for at Merkur no kan ta imot nye søknader om investeringsstøtte.

For ei veke sidan tok Merkur i bruk nytt søknadskjema for støtte til butikk-investeringar. Dei første søknadene er no behandla og kjøpmennene kan setje igang med opprustning av butikken. No er også søknadsskjema for utviklings- og aktivitetsstøtte for butikk og investeringsstøtte for drivstoffanlegg lagt ut på portalen Regionalforvaltning.

Det blir ingen endringar i regelverket for støtteordningane i 2014, verken når det gjeld investeringar i butikk eller investeringar i drivstoffanlegg. Dei nye reglane som vart innført for eit år sidan, vil gjelde også dette året.

 Merkur-programmet forvaltar støtteordningane på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For 2014 er det sett av til saman 30 millionar kr til investeringsstøtte og utviklings- og aktivitetsstøtte for utkantbutikkar og til investeringsstøtte for å styrkje drivstofftilgangen i distrikta.

Søknad på nett

Butikkar som har behov for statleg støtte for å modernisere eller utvikle seg, skal heretter bruke eit elektronisk søknadsskjema. Merkur har tatt i bruk same type skjema som blir brukt av Kommunaldepartementet, kommunane og kommunale næringsfond.

 Framleis vil du finne søknadsskjemaet på Merkurs nettside. Men i staden for å laste ned eit skjema som du kan printe ut, vil du finne ein link til nettsida til Regionalforvaltning – www.regionalforvaltning.no. Her vil alle aktuelle støtteordningar liggje, etter kvart som dei vert publisert. Første gong du søkjer om støtte, må du registrere butikken og få eit passord. Seinare skal du bruke denne pålogginga for å kome inn på riktig side.

 Du kan bruke det nye skjemaet både til å søkje om støtte, akseptere tilsegn og rapportere eller be om utbetaling.

 Meir effektivt

 Administrasjonen i Merkur trur at overgang til nettbasert søknadsskjema vil kunne gi meir effektiv saksbehandling. I dag blir det brukt for ein del ressursar på å rette opp mangelfulle søknader og få ettersendt opplysningar som manglar. Det nye søknadsskjema er laga slik at det ikkje er muleg å sende inn søknaden før alle nødvendige felt er fyllt ut og dokumentasjon er vedlagt. Samtidig er det enkelt å  registrere søknader som ein kan lagre midlertidig, før ferdigstilling og innsending.

 Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har oppmoda Merkur om å ta i bruk eit webbasert system for søknadshandsaming, arkivering og rapportering. Når alle opplysningar er digitalisert, blir det lettare å få oversikt over korleis støttemidlar blir brukt. Som søkjar vil du lett kunne hente fram status i saka di og få oversikt over kva tilsegn og fristar du har for gjennomføring av ulike prosjekt.  

 Merkur vil oppmode alle butikkane om å søkje gjennom dette systemet frå og med 2014. Men dette skal ikkje vere eit absolutt krav. Søknader som blir sendt til Merkur utanom dette systemet, vil måtte scannast og registrerast inn manuelt av administrasjonen. Du må derfor rekne med noko lengre handsamingstid ved manuelt innsendte søknader, enn ved søknad via det nettbaserte systemet.

 Merkur-konsulentane har fått opplæring i det nye søknadssystemet, slik at dei kan hjelpe butikkane med å fylle ut søknader riktig.