Virke-direktør på Merkur-besøk

Nytilsett direktør for Virke dagligvare, Ingvill Størksen, har besøkt Merkur-kontoret for å bli betre kjent med utfordringane for dei små butikkane i distrikts-Norge. Ho fekk også med seg  ein rundtur til tre butikkar i Sunnfjord.

NAUSTDAL: Virke-direktør Ingvill Størksen (t.v.) fekk omvising på bygdebutikken i Naustedalen av kjøpmann Margrete Aase. T.h. dagleg leiar i Merkur, Helge Schei og Merkur-konsulent Ronny Mowatt.

Besøket starta på Merkurs hovudkontor i Førde der Ingvill Størksen fekk ein grundig gjennomgang av Merkurs verktøy for bygdeutvikling gjennom butikkutvikling.

Deretter fekk Virke-direktøren besøkje Joker Naustdal der bygdefolket har etablert eit næringssenter med kafe/pub og butikk i same bygg. Størksen fekk også møte kjøpmenn på Nærbutikken Stavang landhandel i Flora og Nærbutikken Vevring i Naustdal.

Alle kjøpmennene understreka kor viktig Merkur-programmet er både når det gjeld rådgjeving og oppfølging og økonomisk støtte til viktige investeringar.

- Ein veldig nyttig og interessant tur, sa Ingvill Størksen etter dagsturen i Sunnfjord.

Ingvill Størksen tok over som ny direktør for daglegvarehandel i Virke 1.september, etter Thomas Angell.  Størksen kom frå stillinga som nestleiar for Senterpartiets stortingssekretariat. Ho har tidlegare vore politisk rådgjevar for Liv  Signe Navarsete og har jobba i Kirkens Nødhjelp.

Virke er næringslivets største hovudorganisasjon og representerer 18.300 bedrifter og 215.000 arbeidsplassar innanfor bransjar som handel, service, reiseliv og kultur.