Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  – Kommunane sviktar lokal handel
2 personer i kasse på butikk. Foto.
NÆRBUTIKK: - Dersom du handlar på nærbutikken, er du med på å sikre lokale arbeidsplassar, seier Helge Schei

– Kommunane sviktar lokal handel

4. desember 2014

– Kommunane må ta større ansvar for lokal handel. Det vil vere med på å sikre lokalt næringsliv og lokale arbeidsplassar i distrikts-Norge, seier Helge Schei, dagleg leiar for Merkur-programmet.

– Kommunane  sviktar i veldig stor grad. Dei seier på den eine sida at det er viktig at vi forbrukarar handlar i nærbutikken. Men dei gløymer å gjere det sjølv. Dei trur dei skal tene nokre kroner på å ha sentraliserte innkjøp gjennom avtalar, seier Schei i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane.

Lokale arbeidsplassar

Tal frå Posten syner at 23 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane vil ta det meste av julehandelen på nett i år. Det er mest i landet. 3 av 4 vil handle meir på nett i år. Mange i handelsstanden ser på dette som ei stor utfordring. På Eid har handelsstanden gått saman med lokalavisa for å promotere lokal handel.

Men Merkur-sjefen meiner at lokal handel ikkje berre er ei utfordring for kvar enkel forbrukar. Kommunale innkjøp er også eit stort problem for lokale arbeidsplassar innan varehandel. Sentraliserte innkjøp og omfattande anbudsprosessar går utover lokal handel både for nærbutikkar på bygdene og faghandel i kommunesentra.

Marginal innsparing

– Kommunane bør i sterkare grad kjenne ansvaret sitt. Eg vil oppfordre dei til å gjere det i større grad. Det bør ikkje vere ei dødssynd å kjøpe toalettpapir eller frukt til barnehagen i nærbutikken, seier Schei.

– Men presset både for den private og offentlege forbrukar er jo at pengane forsvinn ut: Korleis skal ein kunne spare ved å handle på den lokale butikken som kan vere dyrare enn på nett eller gjennom sentrale innkjøp?

– At forbrukaren kan tene litt på det, ser og forstår eg. Men eg trur innsparinga er marginal, veldig liten. Når det gjeld kommunane, trur eg ikkje dei tener noko på det i det heile teke, seier Schei til NRK.

Fleksible innkjøpsavtalar

Leiar for KS i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, innrømmer at lokalt næringsliv ville bli styrkt dersom kommunane handlar meir lokalt. Men det er ein grunn til at dei fleste kommunane sluttar seg til sentrale innkjøpsavtalar. Kommunane har spart millionar på å vere med på slike avtalar, hevdar Følling.

“Det bør ikkje vere ei dødssynd å kjøpe toalettpapir eller frukt til barnehagen i nærbutikken.”

— Helge Schei

KS-leiaren seier kommunane som deltek i avtalen, kan velje kor mykje dei vil handle lokalt.

– Kvar kommune må velje kor stor del dei vil kjøpe gjennom avtalen, og om dei vil handle meir lokalt. Det er eit lokalpolitisk spørsmål dei fleste har teke stilling til. Nokre har slutta seg til store deler av avtalen, andre er med på delar av avtalen, seier Følling til NRK.