Støttemidlane for 2014 er fullt ut disponerte

Det er svært stor interesse for støtteordningane i Merkur. Ein månad før årsskiftet  er midlane til nye investeringar og tiltak i praksis brukt opp. Det er derfor sett stopp for innsending av nye søknader i desember.

Søknader som vart sendt inn før 27.november, vil bli handsama i løpet av 2014. Med atterhald om Stortinget si endelege løyving for 2015, vil det igjen vere mogleg å søkje om midlar frå byrjinga av januar.

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar hadde i utgangspunktet ei ramme på 30 millionar kroner til investeringar i butikk eller drivstoffanlegg i 2014. I tillegg har Merkur fått disponere 9,5 mill. kr av ledige støttemidlar frå tidlegare år.

Ved utgangen av november var det gjeve tilsegn om støtte for 37 millionar kroner. Resten av midlane er sett av til søknadene som ligg til behandling.