Film om bygda som starta eigen butikk

Då butikken vart nedlagt, gjekk bygdefolket saman for å etablere ein ny butikk. – Utan butikk er det vanskeleg å få folk til å busette seg, seier kjøpmann Hilde Indrøy i Dravlausbygda i Volda. Sjå mini-dokumentaren om bygda og butikken!

FILM: Sjå mini-dokumentaren om Dravlausbygda som fekk butikken tilbake.

For eit par generasjonar sidan var det butikk i alle små bygder. I dag er mange av desse butikkane borte. Men det er ein myte at det framleis skjer ein omfattande butikkdød i distrikts-Norge. Svært mange av butikkane som no må stenge dørene, gjenoppstår i løpet av kort tid.

Merkur-programmet jobbar aktivt for å støtte opp under lokalsamfunn som ønskjer å få tilbake nærbutikken.

Dravlausbygda i Volda er eit godt eksempel på dette. Då Løvikbuda vart lagt ned i år 2000, var det krise i bygda. Men sunnmøringane ville ikkje gi seg. Dei samla inn pengar og fekk nok aksjekapital til å etablere ein ny butikk. Året etter var Joker Løvik i gang.

- Når nærbutikken forsvinn, oppstår det ganske fort eit sakn. Ofte blir det då etablert såkalla folkebutikkar, slik at bygda eig butikken. Engasjementet rundt butikken fører gjerne til at dei brukar butikken i langt større grad enn før nedlegginga, seier rådgjevar Per Kjetil Jørgensen i Merkur-programmet.

13 år etter omstarten kan Dravlausbygda glede seg over å ha ein moderne og ein livskraftig butikk. Bygda har også barne- og ungdomsskule. Unge familiar har valt å slå seg ned, fordi dei får dekt dei viktigaste behova sine der.

Kjøpmannen Hilde Indrøy er med Merkur-programmet og er opptatt av samspelet mellom bygda og butikken:

- Det viktigaste er vareutvalet. Vi snakkar med kundane våre. Er det noko dei ønskjer seg, så prøver vi å ta det inn slik at dei får det som dei treng. Det viktigaste for meg er at folk får dei dei treng. Er her ikkje butikk, så vil ikkje folk busette seg i bygda, seier Hilde Indrøy.