
Festdag for nærbutikken
Det var god stemning og god handel på dei 240 Merkur-butikkane som markerte Handle lokalt-kampanjen laurdag. Aksjonen takka bygdefolk for at dei handlar lokalt og understreka kor viktig butikken er for bygdas framtid.
Utanfor nærbutikken i Naustedalen i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane var det fullt av bilar på parkeringsplassen laurdag ettermiddag. Ved enden av eit jorde stod ein traktor parkert. Inne var det eit yrande liv, både i butikken og i det store kafé-lokalet .
– Som regel handlar eg her. Butikken betyr mykje for dei fleste bygda og er kjempeviktig for samhaldet. Kafeen trekkjer folk. Der veit du at du treffer kjentfolk, seier Ellinor Smådal Sund til avisa Firda.
Bygdas samlingsplass
Denne dagen vart det servert gratis kaffi, sveler og kaker i det nye kafé-lokalet. Kakene var levert av det lokale bygdekvinnelaget, som gjerne støttar opp lokalbutikken. Det var også muleg å kjøpe laurdagsgraut eller fiskesuppe.
Kvinner i bygda deler på å jobbe dugnad som serveringsdamer. All inntekt frå kafeen går til drifta av Dalen næringssenter, som eig lokalet.
Naustedalen var utan butikk i fleire år, etter at det gamle samyrkelaget vart lagt ned. Men folket i bygda fann det vanskeleg å greie seg utan butikk. Derfor gjekk dei saman om å etablere sin eigen butikk, med godt støtte frå Merkur. No har butikken og kafeen blir bygdas viktigaste samlingsplass.
Quiz og konkurransar
Det var stor aktivitet på mange distriktsbutikkar den første laurdagen i november. Fleire stader stilte bygdekvinnelag, bygdeungdomslag, grendalag eller andre organisasjonar opp på butikken:
- På Voll i Rennebu serverte bygdekvinnelaget vaflar til alle frammøtte. Grendalaget arrangerte barnas time for dei yngste midt på dagen.
- Coop Marked Brekken freista med gode tilbod, brus, kaffi og smultringar i kaffikroken, pluss stands og smaksprøver frå lokale leverandørar. Det var også quiz for dei vaksne og konkurranse for borna.
- I Vikebygd i Sunnhordland inviterte kjøpmannen til frukost. Tilstrøyminga av kundar var så stor at han måtte dekke bord både i Drøsestova og på lageret. Midt på dagen kom trubaduren Tom Roger Aadland innom for å underhalde publikum.
- På Hongsand i Trøndelag var det premiere på ein dokumentarfilm om butikken og underhaldning med trubadur i kaffikroken. Tre kundar fekk sjansen til å kaste terning og få opptil 60 prosent rabatt på handlekorga – dersom dei fekk terningkast 6.
Lokal forfattar-støtte
To bokhandlar deltok også i kampanjen. Det var Horjen Sokndal og Tynset bokhandel. På Tynset stilte fleire lokale forfattarar opp med plakatar til støtte for den lokale bokhandelen. Ordføraren deltok også på Handle lokalt-arrangementet.
– Dersom lokalbutikkane blir borte, vil vi angre vanvitig, sa Tynset-ordførar Bersvend Salbu ifølgje avisa Østlendingen.
Ut til 24.500 personar
Mange lokalaviser har hatt oppslag om lokal handel den siste veka. Fleire butikkar har dessutan fått marknadsført seg godt ved bruk av sosiale medium. Både Facebook og lokale nettsider har hatt god omtale av Merkur-kampanjen.
«Handle lokalt» har skapt rekordstor trafikk på Merkurs Facebook-side. Oppfordringa frå statsråd Jan Tore Sanner om å handle på nærbutikken, har blitt delt av over 100 personar og applaudert av endå fleire. 24.500(!) personar har på denne måten fått oppfordringa på nyheitsveggen sin. Aldri tidlegare har bodskapen om lokal handel nådd ut til så mange gjennom sosiale medium.