Meir til Merkur i statsbudsjettet

Merkur-programmet for distriktsbutikkar får meir pengar i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2014. Løyvinga til drift av kompetanseprogrammet blir auka frå 9 til 10,5 millionar kroner, samtidig som midlane til utviklings- og investeringsstøtte ligg  fast på 30 millionar kroner.

FØLGJER OPP: Statsråd Jan Tore Sanner foreslår meir pengar til butikk- og bygdeutvikling.

- Det er svært gledeleg at ramma for Merkur blir utvida. Programmet fekk ei god evaluering tidlegare i år. Budsjett-forslaget viser at regjeringa vil satse vidare på dette viktige arbeidet, seier dagleg leiar Helge Schei i Merkur i ein kommentar.

Merkur-programmet har fått gode tilbakemeldingar frå den politiske leiinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet det siste året. No følgjer kommunalminister Jan Tore Sanner opp med ei  løyving på 40,5 millionar kroner. Det er 1,5 mill. kroner meir enn det som ligg i budsjettet for 2014.

30 millionar kroner skal brukast til utviklings- og investeringsstøtte til distriktsbutikkar, pluss investeringsstøtte til drivstoffanlegg.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet varslar elles ei omlegging av regionalpolitikken der det mellom anna blir  satsa meir på samferdsel.  Den distriktspolitiske innsatsen skal målrettast ved å prioritere nærings- og bedriftsretta tiltak.