235 butikkar deltar i «Handle lokalt»-kampanjen

235 nærbutikkar vil delta i den nasjonale «Handle lokalt»-kampanjen laurdag 1.november. Dette er ny deltakar-rekord. Kampanjen fokuserer på kor viktig den lokale butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

STOR OPPSLUTNAD: Fleire tusen personar i distrikts-Norge blir no invitert til å vere med på Handle lokalt-dagen.

I fjor var det 160 butikkar som deltok i ein tilsvarande kampanje, med slagordet «Hugs å handle heime». No er slagordet endra, slik at det skal bli endå tydlegare kva som er formmålet med kampanjen. Alle butikkane har fått heilt nytt materiell som dei skal bruke  i samband med kampanjen.

- Det er gledeleg at så mange butikkar ønskjer å vere med på kampanjen. Merkur arbeider for å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk av god kvalitet. Men er det også viktig å synleggjere kor viktig butikken er for lokalsamfunnet og få folk på bygda til å bruke lokalbutikken i endå større grad , seier kampanjeleiar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Bodskapen i kampanjen er at nærbutikken er ein svært viktig ingrediens i eit levande lokalsamfunn. Ei bygd med butikk er langt meir attraktiv for både familiar som vil etablere seg, og for hyttefolk, enn ei bygd utan butikk.

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier Per Kjetil Jørgensen.
 

Vil du vite meir om «Handle lokalt»? HER er meir informasjon om kampanjen.
 

Dei fleste butikkane vil markerte dagen ved å spandere kaffi, brus, is og kaker på kundane. Fleire stadar blir det også aktivitetar i butikken. Nokre butikkar vil gå ut med spesielle tilbod. Andre vil benytte anledninga til å invitere ordførar eller lokalavis på besøk.

Norges Bygdekvinnelag (NBK) og Norges Bygdeungdomslag (NBU) vil gå ut med aktiv støtte til kampanjen for lokal handel. Det er første gongen at Merkur-programmet går ut og inviterer frivillige organisasjonar som jobbar for bygdeutvikling, til samarbeid på denne måten. Målet er å nå lenger ut og få ei sterkare forankring av arbeidet for lokal handel.
 

HER er oversikt over butikkane som deltar i kampanjen