Bygdekvinnelaget og NBU støttar «Handle lokalt»

Norges Bygdekvinnelag (NBK) og Norges Bygdeungdomslag (NBU) støttar opp om kampanjen for lokal handel. Dei to organisasjonane vil oppfordre sine lokallag om å ta kontakt med Merkur-butikkar som skal ha aksjonsdag 1.november, med tanke på eit samarbeid.

POSITIV: Bygdekvinnelaget vil gjerne støtte opp om lokalbutikkane, seier generalsekretær Cesilie Aurbakken i NBK.

- Det er flott at Bygdekvinnelaget kan støtte opp om denne kampanjen. NBU er opptatt av aktive og levande bygder, seier generalsekretær Cesilie Aurbakken i Norges Bygdekvinnelag.

Norges Bygdeungdomslag har også takka ja til ein invitasjon om samarbeid om kampanjen «Handle lokalt – velg nærbutikken». NBU har aksjonsveke med fokus på bygdedemokrati i tidsrommet 31.oktober til 9.november.

- Vi kan ha stands og tevlingar knytt opp til aktuelle butikkar. Sosiale møteplassar for unge er viktig for at folk skal ønskje å bu på bygda. Og det er avgjerande for at lokalbutikkane skal kunne bestå, seier Ragnhild Duserud, bygdepolitisk nestleiar i Norges Bygdeungdomslag.

200 butikkar påmelde

Det er første gongen at Merkur-programmet går ut og inviterer frivillige organisasjonar som jobbar for bygdeutvikling, til samarbeid på denne måten. Målet er å nå lenger ut og få ei sterkare forankring av arbeidet for lokal handel.

200 butikkar over heile Norge har hittil meldt seg på Handle lokalt-kampanjen. Kampanjen fokuserer på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

Sand konferansen red.jpg

KLAR: Coop-kjøpmenn frå Sørvestlandet vil delta i kampanjen for lokal handel. F.v. Ernst Atle Årseth, Ualand, Kate Brynlund, Kvitsøy, Haldis Bratteteig, Røldal, Solfrid Wanberg, Suldal, Geir Våge, Økonom, og Helene Hauge, Vadla.

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kampanjeleiar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Viktig kampanje

 Alle butikkar som deltar i kampanjen, vil få materiell tilsendt gratis. Det gjeld plakatar, flyers, klistremerke og ballongar. Det er trykt opp materiell både på nynorsk og bokmål, slik at alle får materiell på si målform.  

 - Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde opp levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive også for ny busetting, seier Per Kjetil Jørgensen.

Tysdag 7.oktober er siste frist for å melde seg på kampanjen. Samtidig vil administrasjonen i Merkur starte arbeidet med utsending av materiell.

 

VIL DU DELTA? Her kan du melde deg på nærbutikk-kampanjen