Beste nærbutikk på Vestlandet

Coop Nærkjøp Fortun i Luster har fått pris som Vestlandets beste nærbutikk. Kjøpmann Anne Sandvik Steig utmerkjer seg med eit servicenivå utover det som er vanleg i bransjen og har fått til eit godt samspel mellom butikken og bygda.

Anne Sandvik Steig _ Helge Schei.jpg

IMPONERT: Dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet er imponert over innsatsen og engasjementet til kjøpmann Anne Sandvik Steig ved Coop Nærkjøp Fortun i Sogn.

200 butikkar deltok i konkurransen om best butikk i landsdelen. I fjor gjekk prisen til ein butikk i Rogaland. Denne gongen var det nærbutikken på Fortun i Sogn som stakk av med sigeren. Prisen var delt ut på regionkonferansen for distriktsbutikkar i Førde onsdag kveld.

Samspel med bygda

Coop-butikken på Fortun er siste butikk før Sognefjellet når du skal køyre frå Sogn til Lom.  Anne Sandvik Steig har drive butikken her over mange år. Butikken har ein relativt liten omsetnad på ca. 4 mill. i året. Men trass i svakt kundegrunnlag har butikken halde butikken eit kvalitetsmessig høgt nivå.  Kjøpmannen utmerkjer seg med eit servicenivå utover det som er vanleg i bransjen. Ho stiller opp for butikken utover normal arbeidstid når dette krevst for å få til gode løysingar og at bygda får eit best muleg tilbod. 

- Prisvinnar er  godt likt i bygda og har gjennom sin innsats skapt høg kundelojalitet til butikken.  I eit avgrensa kundegrunnlag har dette vore avgjerande for at butikken kan overleve, seier juryen.

Fortun-bygda på si side framhevar seg med stort engasjement og har over tid bygd opp fleire anlegg og tilleggstenester rundt butikken. Dette er til stor glede og har skapt eit sosialt miljø som har positive ringverknader i bygda med omsyn til bulyst og trivsel.   Dette er igjen med på skape stoppeffekt på turistar og andre vegfarande som tek ein stopp og dermed skaper meiromsetnad.

- Engasjementet i bygda er også skapt i eit samspel mellom kjøpmannen og bygda og slik har kjøpmannen vore ei viktig brikke for å få utvikla tilboda og engasjementet, seier juryen.  

Årets Merkur-butikk Vestlandet 2.jpg

COOP-HEIDER: Adm. dir.Geir Espe i Coop Vest og kjededisponent Ingjerd Vestengen i Coop Marked gledde seg over utmerkinga til kjøpmann Anne Sandvik Steig og butikken i Fortun. T.h. dagleg leiar Helge Schei i Merkur og Merkur-konsulent Ronny Mowatt.

Viktig møteplass

Anne Sandvik Steig er løysings- og utviklingsorientert og er gjerne først ute med å prøve ut nye løysingar og kommunikasjonsformer.  Det er sjølvsagt at butikken har dialog med kundane på eiga Facebookside og legg ut tilbod og aktivitetar der i tillegg til informasjon i butikken.  Prisvinnaren er aktiv og skaper liv med grillfest og andre typar arrangement gjennom året.  I den vesle kaffikroken er det alltid kaffi og her samlast kundane til ein hyggjeleg prat.  Slik har prisvinnar  utvikla butikken til å vere ein viktig samlingsstad for bygdefolket og har skapt trivsel og bulyst i bygda.

No er kaffikroken for liten, og saman med gode krefter i bygda har prisvinnar gått i bresjen for å få utvida butikklokalet slik at bygdefolk og vegfarande kan få ein endå betre kaffikrok.  Det nye mini-kafen skal kunne leigast ut om kveldane og i helgane, Slik skal butikken også bli endå meir funksjonell som sosial møtestad gjennom heile året.  Butikken har søkt og fått midlar frå Merkur til å utføre dette arbeidet. 

- Det er imponerande å få gjennomført så mykje som det er skapt i og rundt butikken med dei små ressursar butikken har tilgang til, konkluderer Merkur-programmet.

 

Coop Marked Fortun har både nettside og Facebook-side