Svak vekst for Merkur-butikkane

Det er ikkje lett å drive butikk i distriktet. Men Merkur-butikkane auka omsetnaden med 1,8 prosent i 2011, samanlikna med året før.

Jolanda Tervoort.jpg

VESTLANDET BEST: Butikkane på Vestlandet fekk størst vekst i omsetnaden i fjor. Jolanda Tervoort (bilete) driv Batalden landhandel på Fanøy vest for Florø.

Dette går fram av Institutt for bransjeanalyser (IBA) sin rapport om omsetnadsutviklinga for Merkur-butikkar som no er klar.

7,4 mill. kroner

Gjennomsnittleg omsetnad for Merkur-butikkar som var i drift både i 2010 og 2011, låg i fjor på 7,4 millionar kroner. Omsetnaden auka med 1,8 prosent, noko som gir ein auke på 132.000 kroner pr. butikk.

Merkur-butikkane på Vestlandet hadde den sterkaste veksten i omsetnad, med 2,7 prosent. Butikkane på Østlandet hadde svakaste vekst, med 0,3 prosent.

525 butikkar er i dag registrert som Merkur-butikkar. Det vil seie at desse butikkane har deltatt i Merkur sitt hovudprogram eller vore knytt til Merkur-programmet på andre måtar.

God julehandel

IBA har samanlikna med utviklinga i Merkur-butikkane med andre butikkar i distrikts-Norge. Analysefirmaet har registrert til saman 1032 distriktsbutikkar, inkludert Merkur-butikkane. Medan Merkur-butikkane jamt over er små og lokalisert til mindre lokalsamfunn, er dei andre distriktsbutikkane gjerne litt større og lokalisert til større bygder eller kommunesentrum.

Gjennomsnittleg omsetnad for alle distriktsbutikkar låg i fjor på 10,6 millionar kroner, etter ein vekst på 2,1 prosent. Det tilsvarar ein auke på 220.000 kroner pr. butikk.

Statistikken viser elles at julehandelen i fjor var god. Merkur-butikkane fekk ein auke i omsetnaden på 3,3 prosent i årets to siste månader.

Her er rapporten frå Institutt for bransjeanalyser (IBA)