Skartveit fekk kommunal næringspris

Joker Skartveit har fått Finnøy kommune sin næringspris for 2012. I vår vart butikken på Halsnøy kåra til landets beste Joker-butikk for sin innsats med å utvikle butikken som møteplass.

Joker Skartveit strand web.jpg

EIGA BADESTRAND: Det er ikkje mange butikkar som kan skilte med eiga sandstrand, berre eit steinkast frå butikkdøra.  Foto: Joker Skartveit

- Det er kjekt å bli sett i Finnøy. At den merksemda vi har fått nasjonalt, blir sett pris på i kommunen, seier dagleg leiar Anita Ørnes til lokalavisa Øyposten.

Rogalands-butikken er nærbutikk og viktig samlingsstad på Halsnøy. Dei tilbyr tilleggsfunksjonar som post i butikk, apotekutsal, drivstoff, gass, vatn og fiskeutstyr.

«Miljøsenter»

Nedanfor butikken er det bygt opp ei stor gjestehamn, med eiga badestrand. I fjor vart det opna nytt servicebygg, som også inneheld kafé, treningsrom og konferanserom.

I grunngjevinga for næringsprisen blir det sagt at bedrifta er ei hjørnesteinsbedrift i sitt eige lokalsamfunn. Eigarane har synt stor kreativitet når det gjeld tilbod både til bygdefolk og besøkjande. Bedrifta har vore driven samanhengande i 100 år gjennom fire generasjonar.

- Bedrifta har bidrege sterkt til og skapa eit allsidig og levande samfunn rundt seg, trass i eit lite kundegrunnlag for kjerneverksemda. Bedrifta har utvikla seg frå og vera ein liten lokalbutikk til å bli eit «miljøsenter» på Halsnøy, heiter det vidare.

Ung offensiv

Under overrekkinga av prisen ramsa ordførar Gro Skarveit (V) opp ei heil rekkje andre ting som ytterlegare kunne forsterka juryen si avgjersle. Ho nemnte blant anna millionsatsinga på gjestehamn og pakkhus, kåringa av Noregs beste lokale møteplass, den landsdekkjande fjernsynsreklamen, samt eit oppslag i eit russisk dameblad. I tillegg var Båtmagasinet nyleg på besøk og laga ein fyldig reportasje som ikkje er kommen på trykk ennå.

- Vart du overraska over prisen?

-Ja, eg gjorde jo det. Eg må sei eg tenkte litt som ein anna mann sa då han fekk kulturprisen. At prisane må gå til nokon som er eldre, eg tykkjer liksom eg er for ung. Men det viser seg no at 74-generasjonen har gjort det bra, ler Anita som understrekar at dette ikkje er på grunn av ho åleine, men ein felles innsats saman med ektemannen Kjetil Ørnes.

Skartveit har eiga nettsid for butikk og gjestehavn | Klikk her

Butikken er også aktiv på Facebook | Klikk her