Regjeringa satsar på Merkur-programmet

Regjeringa har sett av 41,7 millionar kroner til Merkur-programmet og utviklings- og investeringsstøtta til utkantbutikkar i forslaget til statsbudsjett for 2013.

Lambrecht.jpg

HØGT NIVÅ: Tilskota til investeringar i distriktsbutikkane blir liggande på eit høgt nivå også for 2013, i følge regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Dette er nesten like mykje som vart løyvd for 2012. Merkur-programmet og investerings- og utviklingsstøtta til daglegvarebutikkar blir vidareført som i dag. Men støtta til drivstoffanlegg blir redusert med 1,5 mill. kroner til 17,7 mill. kroner.

- Budsjettet er til å leve med. Eg har blitt forsikra om at den vesle nedgangen berre er ei justering. Eg reknar med at vi kan få auka støtta igjen, dersom det blir behov for det, seier dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet i ein kommentar.

Nedjustering

Merkur-programmet fekk i fjor haust ein kraftig vekst i løyvingane over statsbudsjettet. Støtta til distriktsbutikkar vart auka med 21 millionar kroner. Største delen av ekstramidlane skulle gå til butikkar som ville satse på sal av drivstoff, i tillegg til daglegvarer.

Hittil i år er det gjeve tilsegn om 6,9 millionar kroner i investeringsstøtte til drivstoffanlegg, fordelt på 29 butikkar. Det er snakk om investeringar på opptil 1 million kroner pr. anlegg. Det er stor interesse for å satse på drivstoff som tilleggsnæring, men mange butikkar slit med å få finanisert eigendelen på 50 prosent. Derfor er det usikkert om alle tilskotsmidlane til drivstoffanlegg blir brukt i 2012. Dette kan vere bakgrunnen for at tilskotssummen for 2013 har blitt litt nedjustert.

Sosial arena

Regjeringa er opptatt av Merkur-programmet og ordninga med investerings- og utviklingsstøtte blir vidareført slik den er i dag.

- Noko av midlane skal nyttast til å utvikle nye konsept for korleis dagligvarebutikkar kan styrke si stilling som sentral tenesteleverandør, til dømes som sosial arena for innbyggjarane. Dermed ønskjer departementet å modernisere og styrke nærbutikkar, som viktige tenesteleverandørar i distrikta og bidra til tilgangen til drivstoff i distrikta, seier Kommunal- og regionaldepartementet i ei pressemelding.

Ingen konsekvensar

Helge Schei trur ikkje at den vesle nedjusteringa i statsbudsjettet vil få nokon praktiske konsekvensar for butikkane i distrikts-Norge.

- Eg trur at vi kan gi støtte til like mange butikkar i 2013 som i år. Vi reknar med å kunne overføre eventuelle ledige midlar frå 2012-budsjettet til neste år, seier Merkur-sjefen.