Nytt Merkur-program klart

Hovudprogrammet til Merkur er revidert. Det nye programmet legg endå større vekt på samspelet mellom butikken og lokalsamfunnet.

Vigdis Myhre Næsseth.jpg

Merkur-konsulent Vigdis Myhre Næsseth presenterer det nye hovudprogrammet for dei andre konsulentene.

I løpet av kort tid vil fem av konsulentane ta i bruk det reviderte programmet for distriktsbutikkar.  Denne hausten vil det bli sett i gang hovudprogram i Nord-Troms/Finnmark, Nordland, Midt-Norge, Hordaland og Agder

Dei ti Merkur-konsulentane har nyleg vore samla på Gardermoen til kick off for den nye programmet. Der var også Stig Olson, som er engasjert som ny konsulent for Trøndelag (minus Namdal), Nordmøre og Romsdal.

Det nye hovudprogrammet er bygt opp på same måte som tidlegare program, med fem samlingar over eit års tid og direkte oppfølging av konsulent. Kjøpmennene skal jobbe aktivt med blant anna marknadsundersøkelse, lønnsemd, tilføring av tilleggsfunksjonar og forholdet til lokalsamfunnet.

Etter at programmet er avslutta kan dagligvarebutikkane få oppfølging ved å delta på regionale konferanser og få besøk av Merkur-konsulentane. De vil også ha mulighet for å få økonomisk støtte til viktige investeringer knytt til butikk-drifta.

Ei viktig endring er at det nye programmet er meir forskjellig frå kjedene sine kompetanseprogram. Konsulentane vil også ta i bruk eit nytt verktøy for å jobbe med lagspel og samarbeid i butikkane. Det er den psykologiske testen Diversity Icebreaker, som vart presentert på konsulent-samlinga.