Nordland har flest Merkur-butikkar

Nordland har flest butikkar som deltar i Merkur-samarbeidet. Fylket får også mest statleg støtte til distriktsbutikkane sine. Dette går fram av eit nytt oversyn som Merkur-programmet har utarbeidd.

Løkta handel grill sommar 2012 red.jpg

LØKTA KOLONIAL: Nærbutikken på Løkta i Dønna er ein typisk Merkur-butikk. Kjøpmann Halvard Mikalsen har satsa på drivstoffanlegg og aktivitetar i butikken og fått tilskot til dette gjennom Merkur. Biletet er frå ein grilldag i sommar, då bygdefolket samla seg om butikken.

568 butikkar fordelt på 254 kommunar er i dag registrert som Merkur-butikkar. Det vil seie at vel halvparten av distriktsbutikkane er knytt til det statlege butikk-programmet. Dei som ikkje deltar i Merkur-samarbeidet, er gjerne daglegvarebutikkar som har så stor omsetnad at dei greier seg sjølve.

Vilkåret for å bli Merkur-butikk er at kjøpmannen har delteke på Merkur sine program for distriktsbutikkar og er interessert i å utvikle butikken til beste for lokalmiljøet. Dei fleste butikkane har også så svakt kundegrunnlag, låg omsetnad og lang avstand til næraste butikk at dei kan søkje om statleg støtte til investeringar knytt til butikkdrift eller drivstoffanlegg.

Mest til Nordland

Nordland fylke har i dag 70 Merkur-butikkar, fordelt på 32 kommunar.  Hordaland er det nest største Merkur-fylket, med 67 butikkar fordelt på 23 kommunar. Rogaland kjem på tredje plass med 50 butikkar fordelt på 20 kommunar. Vidare på lista kjem Oppland (48 butikkar) og Sogn og Fjordane (45 butikkar). All fylke, unntatt Oslo, har ein eller fleire distriktsbutikkar.

Nordland er også det fylket som har fått tilsegn om mest pengar gjennom dei statlege støtteordningane for utkantbutikkar. 12 butikkar i Nordland har pr. 21.september fått til saman 3,5 millionar kroner til fordeling. Største delen av pengane har gått til etablering eller opprusting av drivstoffanlegg.

Sogn og Fjordane kjem på andre plass når det gjeld tilskot. 10 butikkar her har hittil i år fått til saman 1,8 millionar kroner. Vidare på tilskotslista kjem Nord-Trøndelag (1,4 mill. kr) og Sør-Trøndelag (1,3 mill. kr).

1 av 4 butikkar

Norge har i dag 1053 distriktsbutikkar, i følgje registeret til Institutt for bransjeanalyser. Det betyr at nesten kvar fjerde daglegvarebutikk kan reknast som siste butikk i ei bygd eller eit avgrensa område i god avstand frå større byar. Kring 7 prosent av folket i Norge har ein distriktsbutikk som nærmaste butikk. Gjennomsnittleg avstand til næraste konkurrent er 15 kilometer. 

Nord-Norge har forholdsvis flest distriktsbutikkar. 4 av 10 butikkar i landsdelen må reknast som ein distriktsbutikk. På Møre og i Trøndelag ligg 1 av 3 butikkar i distriktet. På Vestlandet er 1 av 4 butikkar distriktsbutikkar.

Dei fleste distriktsbutikkane er knytt til ein større kjede. Norgesgruppen er størst. 47 prosent av butikkane er knytt til denne kjeden. 27 prosent er knytt til Coop Norge, medan 12 prosent er knytt til ICA. Berre 11 prosent av butikkane står utanfor dei store kjedene.

Oversikt over Merkur-butikkar
Fylke Kommunar Merkur-butikkar
 Finnmark
 Troms
 Nordland
 Nord-Trøndelag
 Sør-Trøndelag
 Møre & R.
 Sogn & Fj.
 Hordaland
 Rogaland
 Vest-Agder
 Aust-Agder
 Telemark
 Vestfold
 Buskerud
 Oppland
 Hedmark
 Akershus
 Østfold
 
14
19
32
16
11
17
18
23
20
12
13
13
2
8
21
13
1
1
254
36
41
70
30
23
28
45
67
50
31
29
27
2
13
48
25
2
1
568