Navarsete: - Spennande butikk-prosjekt

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete er svært positivt til Merkur-prosjektet i Nordland og Trøndelag, der 14 ordførarar og kjøpmenn no vil samarbeide for å utvikle butikkane som en sosial arena for folk som bor i bygda.

Liv Signe på Grimsbu butikk.jpg

NÆRHEIT: - Butikken leverer tryggheit og nærheit, i tillegg til å selje daglegvarer, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Dette er et samarbeidsprosjekt som vil komme både butikken og bygda til gode. Vi ønsker å få prøvd ut mange nye ideer for konkret samarbeid mellom bygda og butikken. Målet er at de ideene som blir utvikla i dette regionale prosjektet skal kunne inspirere andre lokalsamfunn i heile landet, seier Liv Signe Navarsete.

Kjøpmenn, ordførarar og rådmenn fra Nordlands-kommunane Dønna, Herøy, Meløy, Nesna, Vefsn, Grane og Gildeskål møttest sist veke på Værnes, til første samling i det nye butikk-prosjektet. Representantar frå Trøndelags-kommunane Nerøy, Namsskogan, Lierne, Fosnes, Høylandet, Verran og Roan deltok også.

Kommunane og butikkane har allereie kome opp med mange idear om spennande prosjekt som kan bli ein realitet i løpet av dei to åra prosjektet varer.

- Det skal lagast ein felles idebank for alle kommunene. Kanskje ein god ide som blir utvikla på Meløy, kan realiserast på Gildeskål, seier statsråd Navarsete.

Målet med prosjektet «Butikken som sosial arena» er å styrke lokalbutikkens posisjon i bygda, utover det å selje daglegvarer. Det skal skje ved å tilby nye tenester både for unge og eldre.

- Dei små butikkane er viktig for folkehelsa fordi dei leverer tryggheit, nærheit og ei kjensle av å høyre til ein stad. Dette kjem i tillegg til sal av daglegvarer. Det blir spennande å følgje desse prosjekta, seier Liv Signe Navarsete i ei pressemelding som er sendt ut av Kommunal- og regionaldepartementet.

Les pressemeldinga HER