Kjede-konsulent og Merkur-konsulent i same båt

Merkur-programmet samarbeider godt med butikk-kjedene. Ronny Mowatt tar gjerne med seg Hans-Jacob Sunde frå Kjøpmannshuset når han skal ut på båttur, for å besøke små butikkar langs kysten.

Berit Hersvik m Hans-Jacob Sunde og Ronny Mowatt.jpg

BUTIKKBESØK: Berit Hersvik er første kjøpmann på besøkslista. Ronny Mowatt (t.v.) og Hans-Jacob Sunde drøftar drivstoffsal og andre aktuelle spørsmål.

Klokka er litt over åtte onsdag morgon. Merkur-konsulent Ronny Mowatt fyller opp drivstoff til den 22 fot store daycruiseren sin ved småbåthamna i Askvoll. Han ventar på Hans-Jacob Sunde som skal kome med ekspressbåten frå Florø. Saman skal dei besøke fire forskjellige butikkar i Solund og Gulen.

Skipper Mowatt gir gass utover mot Vilnesfjorden. Sjøen ligg blikkstille, og dei 115 hestane i påhengsmotoren sparkar godt frå. Men den franske lystbåten av merket Benteau Antares greier ikkje heilt å halde følgje med ekspressbåten som set kurs mot Bergen.

Daycruiseren går gjennom smale sund på veg sørover. Langs leia ligg fleire hyttefelt og oppdrettsanlegg. Eit nytt industriområde er sprengt ut. Gamle sjøbuer blir restaurerte. Etter ein halv times båttur kan kjede-konsulenten og Merkur-konsulenten stige i land i Hersvik i Solund. Første besøk er hos Berit Hersvik som driv Hersvikbygda landhandel.

Båttur Hans-Jacob Sunde og Ronny Mowatt.jpg

BÅT-TUR: Merkur-konsulent Ronny Mowatt (t.h.) har tatt med seg Hans-Jakob Sunde (t.v.) frå Kjøpmannshuset når han skal besøke butikkar i Solund og Gulen.

Raskare med båt

Ronny og Hans-Jacob har hatt ei godt samarbeid gjennom fleire år. Fire-fem gonger for året reiser dei ut på felles butikk-besøk.

- Vanlegvis brukar vi bil. Men når du skal nå butikkane i Solund, er det meir effektivt å bruke båt, seier Ronny Mowatt som har lang erfaring som Merkur-konsulent i Sogn og Fjordane.

Dei to konsulentane meiner at dei utfyller kvarandre. Begge er opptatt av butikken som sosial møteplass. Men der Ronny fokuserer på finansiering og bygda som marknad, er Hans-Jacob meir opptatt av butikkfagleg spørsmål.

Hans-Jakob Sunde kjenner godt til forholda for dei små butikkane. Til dagleg driv han Nærbutikken Rognaldsvåg i Flora. Men han har også ei 60 pst. stilling som konsulent i Kjøpmannshuset i Norgesgruppen, med ansvar for å følgje opp 50 butikkar i Nærbutikken. Med på turen har han utskrifter frå datakasser, som viser nøkkeltal frå omsetninga i dei ulike butikkane.

Hersvikbygda landhandel.jpg

HERSVIK: Butikken i Hersvikbygda i Solund kallar seg framleis for landhandel.

Drivstoff-anlegg

Drivstoff-anlegg blir eit av tema under besøket på Hersvikbygda landhandel. Butikken har ein stor tank ved hamna som skulle ha vore fornya. Ronny Mowatt nyttar høvet til å informere om den nye tilskotsordninga for drivstoff som vart innført tidlegare i år.

Neste besøk er hos filialen til Lambrechts Eftf. AS på Ytrøygrend. Så går turen vidare til hovudbutikken på Nåra, der Rolf Trovåg er i ferd med å laste inn varer som skal transporterast tilbake til Ytrøy. Også her blir snakk om fornying av drivstoff-anlegget.

Siste stopp er på Nærbutikken Dingja i Gulen, på sørsida av Sognefjorden. Her har Åse Lene og Magne Vatne bygt opp eit stort ferie- og fritidssenter rundt butikken. I fjor vart gjestehamna kåra til den fjerde beste i landet. Men utover hausten har det blitt gradvis færre folk i den vesle bygda. Spørsmålet er om der er økonomisk grunnlag for heilåsdrift.

Speilglatt hav

Dei to kollegaene set kursen nordover igjen. Havet ligg framleis speilglatt. I løpet av halvannan time skal dei vere tilbake til Askvoll. Kyst-idyllane kjem som perler på ei snor. Inne i eit sund får dei auge på ein kobbe som prøver å stikke seg unna. Kan du ha det flottare enn når du er på sjøen ein slik dag?

Besøksordninga er ein viktig del av arbeidet til dei ti Merkur-konsulentane. Dei små butikkane skal ha besøk minst ein gong i året.

- Det er kjekt å kunne møte kjøpmennene ansikt til ansikt og sjå korleis butikkane ser ut. Då er det lettare å følgje opp kontakten seinare, via telefon og epost, seier Ronny Mowatt, etter å ha lagt til kai i Askvoll igjen.