«Handle heime»-kampanje i 33 nærbutikkar

Laurdag var det lokale kampanjar for nærbutikken både i nord og sør. Til saman 33 butikkar deltok i «Husk å handle heime»-aksjonar i Rogaland, Sunnhordland og Lofoten.

Lofotposten HHH aksjon.jpg

GODT OPPSLAG: Lofotposten spanderte heile sistesida på dei fem nærbutikkane i Vågane kommune. 

Kaffi, brus og kaker var ein viktig del av markeringane på butikkane som deltok i årets største kampanje for lokal handel. Men endå viktigare var det å få kundane til å bli meir bevisste på kor stor rolle butikken spelar i små lokalsamfunn.

«Bruk butikken når du er ung, så er den der når du er gammal og tung», var eit av dei meir humoristiske slagorda som vart brukt.

God dialog

Det var butikkane i Rogaland og Sunnhordland som stilte sterkast denne gangen. Til saman 25 butikkar på Sørvestlandet har deltatt i årets utgåve av «Husk å handle heime».

- Kampanjen har vore positiv på dei butikkane eg har fått besøkt, seier Merkur-konsulent Lars Helgeland som har organisert arbeidet i samarbeid med butikkane.

- På Coop marked-butikkane har representantar for styret delt ut kaffimat og kundebrev. Det har vore svært positivt og har gitt ein god dialog med kundane, fortel Merkur-konsulenten.

Coop marked Undheim i Time.jpg

COOP UNDHEIM: Representantar frå styret for Coop marked Undheim i Time på Jæren stilte opp i butikken, med kaffimat til kundane.

Viktig for idretten

I Lofoten har dei fem nærbutikkane i Vågan kommune gått saman om ei felles markering, i samarbeid med Merkur-konsulent Ole Svedenborg. Butikkane stilte opp med kaffi, brus, vaflar og kake, pluss eit supertilbod på «heimelaga» lapskaus.

I Henningsvær stilte idrettslaget opp i butikken for å selje andelar til den nye idrettsbana. Det viser kor viktig butikken er også for lokale lag og foreiningar.

Fleire stader har «Hugs å handle heime»-kampanjen fått gode oppslag i media. Lofotposten spanderte heile baksida på kampanjen, med bilete av alle dei fem butikkane i Vågan. Kjøpmann Børge Larsen i Henningsvær vart også intervjua av NRK Nordland. Fleire andre medium har også omtalt aksjonane.

Nasjonal kampanje

«Husk å handle heime» vart lansert som ein nasjonal kampanje i fjor vår, med 2.juli som felles aksjonsdag. Målet var å skape større bevisstheit om lokal handel og få nye og gamle kundar til å slutte opp om nærbutikken.

Dette året har det ikkje vore nokon felles kampanjedag. Men fleire daglegvarebutikkar og bokhandlar har brukt klistremerke, ballongar og plakatar frå kampanjen for å gjennomføre lokale aksjonar.  

Det er ikkje for seint å sette i gang kampanjar knytt til julehandelen eller køyre ein aksjon ut på nyåret. Ta kontakt med administrasjonen i Merkur-programmet eller ein av konsulentane dersom du har behov for hjelp eller ønskjer å få tilsendt materiell.

Kontaktperson for "Husk å handle heime": 
Per Kjetil Jørgensen, kommunikasjonsrådgjevar  Tlf. 47 34 44 87   Epost