Fekk besøk av Liv Signe Navarsete

Joker-butikken i Fjærland fekk hyggeleg besøk i går. Kommunalminister Liv Signe Navarsete tok turen til bygda under Jostedalsbreen for å høyre korleis det er å drive nærbutikk i distrikts-Norge  - og samtidig profilere den forbetra støtteordninga.

LIv Signe N og Bente Skeide v kassa.jpg

FINT BESØK: Bente Skeide (t.v.) driv nærbutikk i Fjærland, med godt resultat. I går kom kommunalminister Liv Signe Navarsete på besøk.

Kjøpmann Bente Resaland Skeide og butikkmedhjelpar Iselin Knobbel hadde det travelt med å setje på plass nye varer før statsråden kom på besøk. Måndag morgon er  vanlegvis ikkje den dagen butikkane har dei mest fulle hyllene. Men den folkeeigde butikken i Fjærland sog absolutt presentabel ut.

Det einaste som mangla, var fersk frukt. Varebilen med frukt hadde akkurat parkert utanfor bakdøra då kommunalministeren med følgje steig inn døra.

God rådgjeving

Statsråden for distriktsbutikkar fekk god orientering om butikkdrifta. Ho fekk også møte Eivind Ødegård, leiar for Den norske bokbyen og nestleiar for bygdeutvalet i Fjærland. Han understreka kor viktig nærbutikken er for bygda og kor stort engasjement det var då bygda stod i fare for å misse butikken for tre år sidan.

- Vi fekk veldig god hjelp av Merkur-programmet i denne kritiske fasen. For oss har rådgjeving og støtte i arbeidet med å etablere eit folke-aksjeselskap vore like viktig som tilskot til investeringar, poengterte både Bente Resaland Skeide og Eivind Ødegård overfor statsråden.

Butikken i Fjærland er eigd av bygdefolket. Men dei to kjøpmennene, Bente Skeide og Ann Elisabeth Morken (som vart bortreist i går), har også gått inn med betydlege aksjepostar. Omsetninga ligg på vel 6 millionar kroner. Butikken kom ut med fine overskot både i 2011 og 2012.

Manglar kaffi-krok

Liv Signe Navarsete og hennar følgje med Senterparti-leiarar frå Sogn og Fjordane fekk  servert kaffi og kaker på lager-rommet bak butikklokalet.  Butikken har ingen kaffikrok, slik som dei fleste andre Merkur-butikkar.

- Vi drøymer om å utvide lokalet og byggje ein kaffikrok, med utsikt mot fjord og fjell. Men så langt har dei ikkje greidd å få tak i areal for utviding, seier Bente Skeide.

Eivind Ødegård Bente Skeie Liv Signe mfl.jpg

KAFFIKROK PÅ LAGERET: Butikken i Fjærland har ikkje plass til kaffikrok. Dermed måtte lageret takast i bruk som serveringsstad. F.v. Eivind Ødegård, bygdeutvalet i Fjærland, Bente Skeide, kjøpmann, Karen Marie Hjelmseter, leiar for Sogn og Fjordane Senterparti, Jenny Følling, fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane og statsråd Liv Signe Navarsete.

Ho er glad for at vilkåra for dei minste og mest utsette butikkane har blitt endå betre, gjennom omlegging av ordninga med investeringsstøtte.  Joker Fjærland ser for seg at det for dei vil bli aktuelt å fornye kjøle- og fryseutstyr.

Fornøgd med Merkur

Kommunalministeren gav uttrykk for at ho er godt fornøgd med korleis Merkur-programmet fungerer. Det gjeld både rådgjevings-arbeidet som Merkur-konsulentane utfører, og ordninga med støtte til viktige investeringar.

- Det er stort behov for modernisering mange stader. Eg håpar og trur at omlegginga av støtteordninga vil føre til opprustning av mange daglegvarebutikkar, slik at dei kan gje eit best mogleg tilbod til lokalsamfunna sine, seier Liv Signe Navarsete.  

Bergens Tidende laga reportasje frå besøket i Fjærland: Les reportasjen