Fastpris eller fri pris på bøker?

Den norske bokbransjen meiner at staten må garantere fastpris på bøker for å oppretthalde leselyst og mangfald i norsk litteratur. Men erfaringane frå Danmark viser at danskane les meir etter at dei fekk pris-konkurranse på bøker, melder Dagsrevyen.

Trine Stensen Dagsrevyen.jpg

GODT UTVAL: - Norske bokhandlarar har ei stor breidde av det som blir gjeve ut av norsk litteratur, seier Trine Stensen, direktør i Bokhandlerforeningen.

Fastpris på bøker og spørsmålet om innføring av boklov har blitt den viktigaste saka for forlag og bokhandlarar for tida. Konkurransetilsynet pressar på for å få fri konkurranse. Men mange politikarar har gitt signal om at dei gjerne vil gjere vedtak om ei kulturpolitisk boklov som regulerer bransjen.

I Danmark har dei avvikla ordninga med faste prisar og gradvis innført fri prissetting. Utan at leselysta har blitt mindre av den grunn.

- Vi kan ikkje sjå nokon tilbakegang. Vi les heller meir, seier Olaf Winsløw, direktør i Den danske boghandlerforeningen til Dagsrevyen.

Men dei norske bokhandlarane er ikkje overbevist om at fri pris er vegen å gå:

- Bokhandelen har ei stor breidde av det som blir gjeve ut av norsk litteratur. Dersom mangfaldet skal bevarast, meiner bransjen at dei må få halde på dagens gunstige ordning med faste prisar på nye bøker, seier direktør Trine Stensen i Bokhandlerforeningen

- Frie priar vil føre til færre aktørar og dårlegare utval. Så sjølv om det blir lest fleire bøker, så blir det kanskje meir av den same, seier ho.

Sjå reportasjen i Dagsrevyen onsdag 10.oktober (Sak nr. 16)

SISTE: Kulturminister Hadia Tajik har varsla at regjeringa vil setje i gang arbeidet med boklov. Fastpris på bøker vil vere eit sentralt verkemiddel i den nye lova.

Les pressemelding frå Kulturdepartementet fredag 12.oktober