Facebook har blitt ein suksess

Målet var å få 100 «likes» på Facebook i løpet av fire månader. No har Merkur nådd det første målet i kommunikasjonsplanen - på berre halvparten av tida.

Facebook nr 101 middels web.jpg

MILEPÆL: Facebook-sida til Merkur-programmet har fått over 100 tilhengarar i løpet av kort tid.

Torsdag kunne Merkur-programmet glede seg over at Facebook-sida hadde fått over eit hundre tilhengarar. Kariann Ekren frå Masfjorden i Hordaland fekk æra over å vere tilhengar nr. 100.

- Facebook-satsinga har blitt ein suksess. På starten av hausten hadde Merkur berre 21 tilhengarar. Målet var å få 100 personar til å følgje oss før jul. Det er veldig gledeleg at vi har greidd å nå målet så raskt, seier kommunikasjonsrådgjevar Per Kjetil Jørgensen.

Typisk brukar

Kariann Ekren er ein typisk representant Facebook-brukarane som har valt å følgje Merkur-programmet. Ho er dagleg leiar for Nærbutikken Kvingo i Nordhordland og har følgt Merkur sitt hovudprogram. Dette året har butikken fått tilskot gjennom Merkur til frysediskar, kaffikrok og tippeutstyr.

Nærbutikken Kvingo er mellom dei butikkane som har eiga Facebook-side, med 103 tilhengarar. Sida vart etablert i mai i fjor.

- Facebook er veldig greitt å bruke når du skal få ut informasjon om arrangement i butikken og nye tilbod, seier Kariann Ekren.

Kariann Ekren web.jpg

KARIANN EKREN: Kjøpmann i Masfjorden og Merkur-tilhengar nr. 100

Facebook viktig

Merkur-programmet satsar på aktiv kommunikasjon både gjennom tradisjonelle medium og nye, sosiale medium. Kommunikasjonsplanen som vart vedteken av programstyret 14.september, legg opp til større aktivitet både på nettsida og Facebook-sida. Nettsida skal oppdaterast minst ein gong for veka, medan Facebook-sida skal oppdaterast kvar dag.

Dei to sidene skal først og fremst gi kjøpmenn, media, stat og kommunar informasjon om Merkur-programmet sitt arbeid for distriktsbutikkane. Men Facebook-sida tar også mål av seg til å informere om kvardagen rundt om i dei små butikkane. Her kan du lese om spennande tiltak, driftige kjøpmenn og vanskelege utfordringar i distrikts-Norge.

- Det er viktig for Merkur å vere til stades på dei arenaer som folk flest er innom kvar dag. Derfor er Facebook ein viktig mediekanal. Nettet gir oss ein unik sjanse til å spreie og dele aktuelle saker. Facebook gjer det mogleg å nå ut til langt fleire målgrupper og enkeltpersonar enn dei som oppsøkjer den ordinære nettsida vår, seier kommunikasjonsrådgjevar Per Kjetil Jørgensen.